Kommunen var tildelt offentlege midlar frå Nkom til utbygging av breiband til desse prosjekta, slik at denne utbygginga består av eit spleiselag med Nkom-midlar (fylkesmidlar), Kvinnherad Kommune og Kvinnherad Breiband sine eigne investeringar i prosjektet. Dette prosjektet vil sikra viktig infrastruktur i heile kommunen, med tilnærma 100 % utbyggingsgrad. Internett er ikkje lenger eit gode, men heilt naudsynt. Ved utbygging av breiband i desse bygdene vil det vere med å skape moglegheiter til å bu alle stader i Kvinnherad, og samstundes kunne vere ein del av den digitale utviklinga som skjer i samfunnet. I tillegg vil dette vere viktig for at folk kan bu lengst mogleg heime ved hjelp av omsorgsteknologi.

Kva skal til for oppstart? 

Til tross for at prosjektet er tildelt 4.6 mill.kr i offentleg stønad vil det framleis vere behov for ein god oppslutnad for oppstart. Her oppmodar vi alle som har bustad, naust og fritidsbustad i området til å registrere ei bestilling via heimesida vår, www.kband.no.

Det er spesielt i område inn mot Baugstranda kostnadene er store. Her er fleire kilometer med kabel og hundrevis av master for framføring av kabel til  bygdetuna.  

Utbyggingsprosjekta er ikkje kommersielt lønnsame og vil krevje eit anleggsbidrag frå kundane. Alle som sender inn bestilling via vår heimeside vil bestille på vanlege vilkår, og vidare få ei tilbakemelding på kva kostnader som vil koma i tillegg.  Dei vil då få anledning til å trekkje bestillinga, eller akseptere anleggsbidraget.  Alle vil då ha oversikt på totalkostnad før dei samtykker på den endelege bestillinga. Dersom interessa er stor nok håpar vi å vere i gong med utbygging av stamnettet innover mot Baugstranda hausten 2021. Dette er likevel avhengig av interesse og tilgang på ressursar. For utbygging av fiber til Skorpo og Snilstveitøy blir løysinga sjøkabel. Her blir det lagt fiberkabel frå Børnes i Uskedalen og over til Skorpo allereie denne månaden.                                                                                                                       

Informasjon om prosjekta

Det vil utover vinter/vår bli lagt ut meir informasjon om prosjektet på vår heimeside, lokale Facebook sider, samt gjennomført informasjonsmøter (avhengig av covid-19 restriksjonar).

For meir informasjon om prosjektet kan du kontakte Kvinnherad Breiband sitt kundesenter på telefon 53475640, ope frå kl. 07:30 - 15:00 kvardagar.

E-post: post@kband.no

Vi oppmodar folk som har spørsmål til oss om å ta kontakt, samt følgje med på heimesida vår for oppdatert informasjon.

For meir informasjon om prosjektet kan du kontakte:

Kontaktperson: Svein Atle Nipen
Stilling: teknisk leiar  Telefon: 90897879
E-post: svein@kband.no

Kontaktperson: Gunnhild Nilsen Hillestad 
Stilling: dagleg leiar Telefon: 40455380
E-post: gunnhild@kband.no

 

 

kvlogo.png        kvbreiband.png