Dirigenttenester

Ny sats for dirigenttenester frå 01.01.21.
Sats per årstime i 2020 er  kr 22.800,-  Ein årstime er èin klokketime undervisning per veke i 38 veker. Forfall er 20. mars og 20. oktober. Kommunen kan endra sats på årstime frå nytt år.

Frist for å søkja om dirigenttenester er 01.01.22.  Søknadsskjema finn du her.
 

KOR STOR DIRIGENTSTILLING HAR LAGET TRONG FOR?

Til hjelp for å finna ut dette, kan ein nytta følgjande tabell:

 

Stillings
prosent

Undervisning
Øvingar, konsertar, seminar: 

klokketimar per. veke 

Anna arbeid
Styremøte, kurs, ekstra reisetid ol: 

klokketimar per år.

Kostnadar
Kostnadar per år: 

 

11,53%

2 timar og 15 min

Inntil 15,5 timar

Kr 51.300,- (25.650,- per. halvår)

13,46%

2 timar og 37 min

Inntil 17,5 timar

Kr 59.660,- (29.830,- per. halvår)

15,38%

3 timar

Inntil 19,0 timar

Kr 68.400,- (34.200,- per. halvår)

17,29%

3 timar og 22,5 min

Inntil 21,0 timar

Kr 76.950,- (38.475,- per. halvår)

Pris instrumentleige

Pris på instrumentleiga/ utstyrleiga frå 01.01.21.

Til vanleg må eleven skaffa seg sitt eige instrument. Men kulturskulen har ein del strykeinstrument til utleige. Det gjeld fiolinar og cello i 1/8, 1/4, 1/2 og 3/4 storleik. Dersom eleven treng strykeinstrument i full storleik, må eleven skaffa det sjølv. Kulturskulen har også ein del messingblåseinstrument til utleige (mini-trompet).

Leigepris frå 01.01.21:

Instrumentlega: kr 670,- per halvår.

Elevar på aspirantopplæring til skulekorpsa får til vanleg låna/leiga instrument frå det skulekorpset eleven soknar til.

Viktig! 

Elevane får informasjon frå læraren sin ved oppstart om korleis instrumentet skal handsamast. Elevane og føresette pliktar å ta forsvarleg vare på instrumentet (samt anna utstyr). Dersom instrumentet vert skada eller øydelagt grunna skøytelaus eller uaktsam handsaming, vert låntakar (føresette) erstatningspliktige.

Skulepengesatsar

Nye skulepengesatsar frå 01.01.21.

Føresette får krav om skulepengar (semesteravgift) fordelt på to innbetalingar i året, med forfall 20. oktober og 20. mars. Semesteravgift gjeld for heile semester (eit halvtår). I utgangspunktet blir det ikkje gjeve noko rabatt på semesteravgift, sjølv om eleven byrjar på kulturskulen etter semesterstart. 

Det blir gjeve 50% søsken-/aktivitetsmoderasjon på ordinær sats frå og med barn/aktivitet nr tre (inntil 19 år), utanom gratis tilbud, - songkor, orkester, mm.
 

Satsar frå 01.01.21:

Ordinær sats: kr 1.895,- pr. halvår (bildekunst, dans, instrument, musikkleik, teater, song, mm)
  • Songkor, gitarorkester og strykeorkester: gratis
Kommunen kan endra kontingentsats frå nyttår.

Avlysing
Undervisinga kan avlysast inntil 3 gonger i halvåret.  Utover det vil det bli gitt reduksjon i skulepengane med verknad frå neste semester.  

Friplass

Friplass  

  1. Innhaldet til tenesta.

Dersom heilt særlege grunnar tilseier det, kan kulturskulen gi heilt eller delvis fri opplæring etter grunngjeve søknad til rektor.

 

  1. Tildelingskriterier.

Alle saker vert vurdert individuelt av rektor ut ifrå desse kriteria:

Søkjar:

Skal ikkje ha høve til å betala sjølv kontingent for elevplass i kulturskulen, som følgje av økonomiske vanskar. Det skal finnast ei grunngjeving frå aktuelle eining (t.d. NAV).

 

 

  1. Særpreget til tenesta.

Friplassen gjeld for eitt skuleår og må søkjast om på nytt for neste skuleår. Friplassen skal søkjast før det nye skuleåret byrjar/før eleven har byrja i undervisinga. I motsett fall vil det seinare koma krav om skulepengar. Friplass gjeld berre for undervising. Evt. materiell må betalast av elevane/ føresette uansett.

Leigesatsar dansesal

Utleigesatsar dansesal
1. Dansesalen kan leigast ut til aktivitetar som eignar seg i ein dansesal med spesialgolv slik som dans, kampsport ol.

2. Leigeprisar
► For fast bruk av salen (øving/trening) kr 200,- per time
► For framsyningar utan billettinntekter kr 1 000,-
► For framsyningar med billettinntekter kr 1 500,-
► For kurs som går over èin eller fleire dagar, blir leigeprisen vurdert i kvart tilfelle.

3. Salen kan ikkje leigast for meir enn eitt skuleår om gongen og skal ikkje brukast i skuleferiar. Dersom kulturskulen treng dansesalen til eige bruk i leigeperioden, har kulturskulen førerett.

4. Bruksreglar
► Nøklar
    Ansvarleg person kvitterer ut nøklar hjå rektor og leverer desse tilbake straks etter at leigeperioden er ute og seinast 15.juni. Nøklane kan ikkje overdragast til andre.

► Skotøy
    Det skal ikkje nyttast sko i dansesalen. Unntak er ballettsko/dansesko som ikkje set merke. Ved framsyningar må publikum gå utan sko eller ha plasthette over skoa. Dersom det er trong for stolar/benkar for publikum, må desse vera forma slik at dei ikkje set merke i golvet eller setjast på passande underlag som vernar golvet.

► Vakthald
    Leigetakar pliktar å halda ytterdøra låst eller ha oppsyn med foajé og gangar under tilskipinga/aktiviteten slik at ikkje uvedkomande kjem inn/oppheld seg i bygget.

► Låsing
    Leigetakar skal forsikra seg om at huset er tomt og at alle ytterdører blir låste etter tilskipinga/aktiviteten. Lyset i dansesalen skal slåast av.

► Mat og drikke
    Det skal ikkje takast med mat eller drikke inn i dansesalen.

► Opprydding
   Leigetakar har ansvar for opprydding. Søppel skal samlast og leggjast på avtalt stad.

► Skadeansvar
   Leigetakar har ansvar for evt. skadar.

► Branninstruks
   Leigetakar pliktar på førehand å setja seg inn i branninstruksen og orientera seg om rømingsvegane. Dansesalen kan leigast ut til aktivitetar som eignar seg i ein dansesal med spesialgolv slik som dans, kampsport ol.

Leigesatsar konsertsal

Konsertsalen kan leigast ut til konsertar, framsyningar, seminar, konferansar ol. Salen skal ikkje leigast ut til faste øvingar.
1. Konsertsalen kan leigast ut til konsertar, framsyningar, seminar, konferansar ol. Salen skal ikkje leigast ut til faste øvingar.

2. Leigeprisar
► Arrangement utan billettsal kr 1 500,-
► Arrangement med billettsal kr 2 500,-
► Utleige til bedrift/næring kr 2 500,-
► Tillegg for prosjektor, mikrofon kr 1 000,-
► Lys- og lydteknikar kr 500,- per time
► Leige av flygel kr 500,-
► Lyd- og lysproduksjon etter nærare avtal

3. Bruksreglar
► Nøklar
Ansvarleg person kvitterer ut nøklar hos rektor og leverer desse tilbake straks etter tilskipinga. Nøklane kan ikkje overdragast til andre.

► Vakthald
Leigetakar pliktar å halda oppsyn med foajé og gangar før og under tilskipinga slik at ikkje uvedkomande kjem inn/ oppheld seg i bygget.

► Låsing
     Leigetakar har ansvar for at dørene til salen er låst etter tilskipinga. Leigetakar skal i tillegg forsikra seg om at huset er tomt og at alle ytterdører blir låste.

► Mat og drikke Det skal ikkje takast med mat eller drikke inn i konsertsalen.

► Opprydding Leigetakar har ansvar for opprydding etter tilskipinga. Stolar og utstyr skal plasserast på avtalt plass. Søppel skal samlast og leggjast på avtalt stad.

► Skadeansvar Leigetakar har ansvar for evt. skadar.

► Amfi Leigetakar må i god tid melda frå om amfiet skal nyttast eller ikkje. Flygelet kan leigast etter avtale.

► Branninstruks Leigetakar pliktar på førehand å setja seg inn i branninstruksen og orientera seg om rømmingsvegane.