Best avkastning leverte fondet sine Private Equity investeringar som hadde ein verdistiging i løpet av 2021 på 41,5 %. Aksjefond utgjer størst del av Kraftfondet, desse leverte ein samla avkastning på 17,8 %, medan Kraftfondet sine eigedomsinvesteringar leverte ein avkastning på 11,3 %.

Avkastninga vart i revidert budsjett estimert til 70 millionar kroner. Disponering av resultatet for Kraftfondet skal, saman med årsrekneskapen for 2021, handsamast i kommunestyret i løpet av våren 2022.

Les meir her.