Det er svært viktig for oss å ivareta smittevernet for bebuarane som er i risikogruppene for alvorleg utvikling av COVID-19. Me ynskjer ikkje å få smitteutbrot på sjukeheimane eller i omsorgsbustadane så omsynet til smittevern vil vera avgjerande for korleis ein kan gjennomføre besøka.

Med utgangspunkt i Folkehelseinstituttet sine råd har kommunen utarbeidd fylgjande reglar ved besøk. 

Besøk må avklarast på førehand slik at avdelinga kan planlegge besøket og syte for at omsynet til smittevern vert ivareteke.

Tal besøkjande samstundes bør avgrensast, slik at nødvendig avstand til andre vert oppretthalde.

Besøk bør om mogeleg skje utandørs, i eige besøksrom, eller på bebuar sitt rom. Pårørande skal då gå direkte til og frå bebuar sitt  rom og ikkje opphalda seg i fellesarealet, samt halda minst éin meter avstand til bebuaren inne på rommet.

Også ved besøk utandørs må alle utføre handhygiene ved innkomst og halda minst éin meter avstand til bebuar og tilsette.

Personar med luftvegssymptom og feber skal ikkje koma på besøk. Det same gjeld personar som er mistenkt for, eller bekrefta sjuk med covid-19, eller definert som nærkontakt til mistenkt eller bekrefta smitta med covid-19.

Meir informasjon om besøksordning vil ein få ved å kontakta dei ulike einingane og avdelingane.