Det er fleire grunnar til at du må bruka beltet i bussen også. Det er påbod om å bruka belte i bussar der det er montert, med unntak av bybussar, og du risikerer å bli bøtelagd dersom du lar vera.

Det er også smart å bruka beltet i bussen for din eigen og andre sin sikkerheit. Bussen er stor og tung og der er store krefter i sving om det skulle skje ei ulukke, og ulukker med buss skjer. Då kan du skada deg sjølv og andre som du risikerer å treffa på i bussen.

Reiser du med barn på buss er det òg viktig at dei er rett sikra i bilstol og setebelte. Reiser du med dei aller minste kan det vera lurt å ta med eige barnesete i tilfelle det ikkje finst i bussen, eller at barnesete allereie er opptatt.

Les meir på: https://www.tryggtrafikk.no/bilbelte-og-sikring/belte-buss/