Opnar helstestasjonane 27. april

Frå og med måndag 27. april går helsestasjonane og jordmordtenesta attende til normal drift, med nokre avgrensingar av smittevernfaglege omsyn.

Helsestasjon for ungdom vert opna for timeavtale, ikkje drop in. Ein bestiller time per telefon. Tlf HFU: Gørill: 47613819 eller Hildegunn: 91634021.

Ved oppmøte på helsestasjon skal primært éin person følgja barnet, utan søsken. Ved mistenkt eller påvist koronasmitte/karantenetid skal ein ikkje oppsøkja helsestasjonane.

I tida framover vil helsestasjonane nytta til å henta inn igjen konsultasjonar som vart utsett grunna korona, men det vil ta noko tid før alle er utført grunna avgrensa tal på besøkande på venteromma.

Helsestasjonen på Husnes held til i PPT sine lokale (kjellaren på Husnestunet) fram til innflytting i Aksen.

Reisevaksineringskontoret er for tida stengd. Berre naudsyn yrkesvaksinering vert prioritert.

Foreldrebetaling i barnehagar og SFO

BETALING BARNEHAGE/SFO FOR MARS OG APRIL

Skular og barnehagar er stengt som eit tiltak for å stoppa spreiing av koronaviruset.

Kvinnherad kommune kjem difor ikkje til å krevja betaling for born i barnehage og SFO i den perioden tilboda er stengde.

Faktura for mars (forfall 20.03.20) blir delkreditert med 50%. Dei som alt har betalt heile kravet vil i næraste framtid få for mykje innbetalt tilbakebetalt.

Faktura for april (forfall 20.04.20) gjeld 50% av tida,  det vil seia for andre halvdel av april.

(Dersom det på eit seinare tidspunkt blir bestemt at barnehage/SFO skal vera stengt vidare framover vert denne faktura kreditert før forfall 20.04.20)

Barnevernvakttelefon - 976 10 100

Vi veit at det å gå i barnehage/skule, delta i fritidsaktivitet er ein viktig beskyttelsesfaktor for mange av dei barna som barneverntenesta føl opp. Tilsette i barneverntenesta også må ta smittevernrisiko på alvor og vi har begrensa kontakt med barn og unge i denne tida. Vi prøver å halde kontakt med dei fleste familiar via telefon, men det blir ofte dei vaksne.
 
Då dette er ei vanskeleg tid både for barn, unge og vaksne kan det føre til at fleire barn og unge vert meir utsett for vald, overgrep, rus og omsorgssvikt no.
Telefonnummer til barnevernvakttelefon: 976 10 100.
 
Barneverntenesta har difor frå no, døgnopen vakttelefon. Det betyr at barn og unge kan få tak i barnevernet på same telefonnummer gjennom heile døgnet.  
Vaktnummeret kan også nyttast om ein er i ein situasjon der det hastar med å få tak i barneverntenesta.
 
For at vaktnummeret skal nyttast «rett» ber eg om at i saker der de allereie har kontakt med barneverntenesta, nyttar andre telefonnummer for å ta kontakt.

Psykisk helse - barn og unge

Psykisk helse for barn og unge er tilgjengeleg på telefon. Her kan barn, unge og foreldre ta kontakt.  Ein treng ikkje vere tilvist tidlegare.
 
Telefonnummer:
Anne Margrethe Vangsnes: 416 54 603
Siv Karin Stensletten: 481 93 521
Sturla Helland: 970 24 320
Adalbjörg Heidur Björgvinsdottir: 960 46 009 

Reduserer tenestetilboda på helsestasjonane - 17. mars

Frå og med tysdag 17. mars vil helsestasjonane på Husnes, Halsnøy, Rosendal og Hatlestrand reduserere tilbodet på helsestasjonane i tråd med nasjonale råd om å redusere smitterisiko og hindre spreiing av koronaviruset. Oppfølging av nyfødde vert prioritert, 6 vekers kontroll hos helsesjukepleiar og lege, samt barnevaksinasjonsprogrammet. Gravide for òg eit redusert tilbod. Helsestasjon for ungdom og reisevaksinasjonskontoret er stengd inntil vidare.

Meir informasjon finn du i vedtaket, som kan lesast her.

Stengte skular og barnehagar - 12. mars

Vedtaket frå kommunelegen angåande stenging av skular og barnehagar i Kvinnherad kommune er no fatta og kan lesast her.

Til alle skulane, barnehagane og foreldre

I går torsdag 12.03.20, vart skular og barnehagar i heile landet stengde frå klokka 18:00. Statsministeren vår varsla dette med å seia: «Dette er tiltak som skal ha stor inngripen i vår frihet»

Målsetjinga med stenginga er at det skal bli mindre kontakt mellom folk, det er den einaste måten me kan stoppa denne pandemien på. Det offentlege tek no eit stort ansvar med å stenga skular og barnehagar. Dette vert gjort for at ein er redd for at det er umogleg å halda stor nok avstand når mange barn er samla.

Elevane skal no vera heime for at dei skal ha mindre kontakt. Ja, det er som statsministeren seier , eit stort inngripen i vår fridom, men det er viktig for å redda mange sårbare og sjuke personar som er våre medmenneske. Det er viktig at elevane held seg i heimen om dagen og gjer skulearbeidet sitt. Dette er heimane sitt ansvar.

Det har kome nokre tilbakemeldingar på sektoren si melding om at det er «karantene». Me orsakar bruken av dette omgrepet, det var feil. Vårt mål var å setja fokus på eit viktig tema. Poenget med at skular og barnehagar vert stengde er at det skal vera begrensa kontakt mellom folk.

Regjeringa forventar at elevane i skulane gjer skulearbeidet sitt heime om dagane. Det er skulane sitt ansvar å ha kontakt med elevane og leggja til rette for læring og skulearbeid. Skulane i Kvinnherad er klare for dette oppdraget.  Me lukkast når skulane og heimane står saman.

Anne Sofie Bjelland Kjeka
Sektorleiar oppvekst