Nokre korte fakta:
-Barn har ei anna kroppsbygging enn oss vaksne, og treng difor tilpassa beskyttelse. Dei har eit stort og tungt hovud i forhold til resten av kroppen. Samstundes er muskulatur og beinbygnad mindre utvikla.
-Når barnet sit bakovervendt blir kroppen og hovudet pressa mot seteryggen ved ein frontkollisjon. Kreftene vert difor fordelt over ei større flate slik at belastinga blir mindre på hovud og nakke.

Ta beltesjekken:
-Beltet skal liggja stramt og tett på kroppen
-Liggja godt inn på skulder
-Liggja ned på hoftene

Dette seier lova:
-Det er påbode å sikra barn i bil. Barn som er under 135 cm høge skal alltid bruka godkjend barnesikringsutstyr dersom slikt utstyr er rett i forhold til barnet si vekt og høgde.
-Barn mellom 135 og 150 cm skal bruka godkjend barnesikringsutstyr dersom slikt utstyr er tilgjengeleg i bilen. Etter dette skal både barn og vaksne sikrast med bilbelte.
-Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol  i framsete der det er airbag. Unntaket er dersom kollisjonsputa er deaktivert manuelt eller automatisk.
-I bil der det ikkje er bilbelte (veteranbilar) skal barn under 3 år ikkje transporterast. Barn over 3 år skal ikkje transporterast i framsete utan bilbelte.

Meir informasjon knytt til sikring av barn kan du finna her