I 2021 hamna Kvinnherad på 115. plass på NHO (Næringslivets Hovudorganisasjon) si uoffisielle kåring «Kommune-NM», medan kommunen vår i 2022 blir rangert på ein 156. plass. Sjølv om det er ei lågare rangering kjem det ikkje overraskande, og er heller ikkje noko å mista motet av:  

– Dei største utfordringane for Kvinnherad er demografisk utvikling, og dermed berekrafta i den kommunale økonomien. Dette er alle klare over, og utviklinga forsterkar seg dessverre for kvart år me ikkje har vekst i folketal eller fødselsoverskot, forklarer kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

– Dette er nok truleg den viktigaste årsaka til at rangeringa er lågare i år enn i fjor. I tillegg har Kvinnherad eit lågare inntektsnivå enn snittet, og prosentvis færre med høgare utdanning over fire år. I ei slik kåring slår dette ut, men eg er like oppteken av å få fram det positive i at Kvinnherad nesten har dobbelt så mange innbyggarar med fagutdanning som landssnittet. I ei tid der Noreg treng langt fleire fagarbeidarar framover, og særleg NHO er opptekne av at me no må framsnakka fagarbeidarar, synest eg Kvinnherad skal vera stolte av dette, seier kommunedirektøren.

Næringssjef Grete Solheim hiv seg på:

– Kvinnherad er også blant dei beste i Sunnhordland – og betre enn Stord – på næringsvariasjon. Dette fortel at næringslivet vårt er veldig robust. Kombinert med at me har høg del av befolkninga med fagutdanning, er me mindre sårbare for svingingar i marknadane. Når me no står midt i det som blir ei stadig meir omfattande europeisk krise, kan faktisk Kvinnherad visa seg å vera ein veldig god stad å bu og driva næring, meiner næringssjefen.

Sektorleiar for samfunnsutvikling, Anbjørn Høivik, vil også trekka fram at Kvinnherad scorar bra på prosentdel innbyggarar med teknisk/naturvitskapleg utdanning:

– Det viktigaste er at Kvinnherad har eit variert og robust næringsliv, som får tak i den kompetansen dei treng. Me veit derimot at særleg kvinner ofte reiser ut og tek høgare utdanning i byar, og kanskje slår seg ned andre stader enn i Kvinnherad. Det hadde vore strålande å få fleire av desse tilbake, men då trengst betre kommunikasjonar som utvidar den lokale arbeidsmarknaden. Samstundes trur eg det høge talet fagarbeidarar er eit resultat av at dei som vel å bli buande ofte vel yrkesretta utdanning, og eg er heilt einig med kommunedirektøren i at dette er noko me skal vera stolte av, og framsnakka.

Klatrar 65 plassar på viktig barometer

Kommunedirektøren gler seg på same tid over at Kvinnherad kommune gjer eit stort hopp på årets «kommunebarometer» frå Kommunal Rapport. I år ligg kommunen vår på 135. plass i landet – eit hopp på heile 65 plassar. Der kommune-NM belyser mange tema som er utanfor kommunen sin påverknad, viser kommunebarometeret at det blir jobba godt i den kommunale organisasjonen.

– Me har ei veldig god forbetring innan pleie og omsorg og økonomi, noko som er særleg positivt med omsyn til at me har ganske store demografiske utfordringar. Kommunebarometeret viser at me er på god veg mot ein meir berekraftig økonomi, og me ser at me mellom anna scorar betre på sakshandsaming i år enn i fjor, smiler Bjerkvik.

Ho synest likevel det aller mest gledelege med årets kommunebarometer er den gode tilbakemeldinga på heimebasert omsorg. I kommunebarometeret kan me mellom anna lesa dette:

«For Kvinnherad hadde 94,64 prosent av dem som bodde på sykehjem, et omfattende bistandsbehov i fjor. Dette er høyere enn for mange kommuner i landet. Dette kan tyde på at kommunen i større grad har satset på hjemmebasert omsorg for dem som kan motta dette.»

Bjerkvik er samstundes klar på at den demografiske utviklinga, og den geografiske plasseringa til Kvinnherad, gjer det vanskeleg å kiva om dei øvste plassane. Bjerkvik og medarbeidarane hennar er derfor klare til å gjera sin del av jobben for at kommunestyret sitt mål om folketalsvekst skal bli nådd:

– Men dette krev at me først og fremst er klare over kva som er Kvinnherad-samfunnet sine sterkaste sider, og at me konsentrerer oss om ein god arealplan som gir rom for vekst og utvikling, samt at me endeleg får gjort noko med kommunikasjonane og den interne mobiliteten. Dette er langsiktig arbeid, men me er godt i gang og har ikkje tenkt å gje oss, smiler Bjerkvik, Solheim og Høivik.  

 

Lenkje til NHOs kommune-NM:

https://www.nho.no/tema/offentlig-sektor-og-naeringslivet/kommune-nm/

Kommunebarometeret for Kvinnherad kommune