Levekårsutvalet i Kvinnherad vedtok 03.06.20 at forslag til plan for oppvekstkår for Kvinnherad vert sendt på høyring og lagt til avgrensa offentleg ettersyn.

Temaplan for oppvekstkår i Kvinnherad kommune er politisk forankra. Kvinnherad kommunestyret vedtok 28.11.19 i politisk sak 2019/88 Økonomiplan 2020/2023 følgjande vedtak:

«24) Kvinnherad kommunestyre ber kommunedirektøren starte arbeidet med planen «Oppvekstkår» som skal omhandle bl.a. organisering av skular, barnehagar, heildagsskule.»

Det er eit uttala samfunnsmål, at alle barn og unge skal ha gode oppvekstkår i Kvinnherad kommune. Dette krev ein heilskapleg plan for barn og unge sin oppvekst frå før fødsel til fylte 23 år. Planen som nå vert lagt fram omfattar ikkje alle element i barn og unge sin oppvekst, men har fokus på tema som vert vurderte som viktige utviklingsområde i åra framover.  

Planen er ein overordna temaplan. Det betyr mellom anna at det ikkje er same krav til høyring av planprogram som ein måtte halda seg til om det var ein kommunedelplan.

Eit mål med planen er at den vert eit felles styringsverktøy for politisk og administrativ leiing for å sikra barn sine interesser i alle saker og område som gjeld dei. Barn kan vera ei ekstra sårbar gruppe då dei ikkje har eigne talspersonar for seg når det kjem til interessekonfliktar mellom ulike grupper. Planen byggjer difor på FN sin barnekonvensjon og syner til artiklar om barn sine rettar.

Berekraftsmåla ligg også til grunn for planen, der det vert sett fokus på barn som ein viktig ressurs for kommunen vår framover og at samarbeid om å nå mål er ein avgjerande faktor for å nå mål om dei aller beste oppvekstkår for borna. Heilskapleg innsats og førebyggande arbeid for barn og unge er regulert gjennom lovver, planverk og andre rammeverk og rettleiarar. I tillegg vil andre kommunale planar ha innverknad på barn og unge sin oppvekst.

Barn og unge i Kvinnherad kommune har blitt involverte i utarbeiding av temaplanen på ulike måtar. I prosessen med ny kommunedelplan for Kvinnherad kommune er det henta inn innspel frå ungdom på ulike vis, med bruk av ulik grad av medverknad. Desse innspela er samla i rapporten «Melding frå dei unge». Denne rapporten vert brukt som grunnlag i temaplanen. For å sikra medverknad frå barn og unge i alle aldrar, vart det i tillegg sett i verk ein prosess for å henta inn barn i barnehagar og barneskular sine meiningar. Spørsmåla og gjennomføringa vart tilpassa alder på barna. Nokre barnehagar og barneskular klarte å gjennomføra dette trass i situasjonen kring Covid-19, men konsekvensane med Korona-pandemien gav arbeidet nokre utfordringar.

Det var tre spørsmål barn i barnehage og 1. – 4 trinnet vart sprurt om:

  1. Kva er god oppvekst?
  2. Korleis vil vi ha det?
  3. Kva kan vi sjølve gjere for å få det betre?

I planen er barn sine svar/utsegner lagt inn i teksten som snakkebobler til dei ulike tema. Levekårsutvalet har i kvart møte denne hausten fått informasjon og medverka inn i planen.

I høyringa er det særleg viktig å nå barn og unge. Prosjektgruppa har definert følgjande instansar som aktuelle i høyringsprosessen:

  • Elevråda ved skulane
  • Barnehagebarn
  • Samarbeidsutvala
  • Ungdomsrådet
  • Ungdomsklubbar
  • Frivillige lag og organisasjonar
  • Vestland fylkeskommune -Skyss
  • Alle som arbeider med barn og unge i kommunen
  • Kommunalt foreldreutval
  • Kvinnherad vidaregåande skule

Det er ynskjeleg med ei brei høyring og særleg at barn og unge sine stemmer kjem fram. Ein ber difor om at barnehagar/skular/fritidsklubbar/ lag og organisasjonar dreg barn, unge, foreldra og deira rådsorgan inn i høyringsprosessen.

I høyringsprosessen ynskjer ein mellom anna å få tilbakemeldingar på om det er andre sentrale tema/problemstillingar som burde vore omhandla eller betre opplyst, eller om det er forslag til andre tiltak. 

Frist for merknad til planforslaget er 06.09.20

Eventuell uttale skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Vedtak, plan og bakgrunnsdokument kan du lesa her: https://bit.ly/3f6Hvow 

Papirutgåva av planforslaget vert lagt ut på Kvinnherad bibliotek (Husnes) og rådhuset (Rosendal).