Kvinnherad kommune set opp eit telt på Husnes ved «rundkøyringa» nedanfor sjukeheimen, samt ein koronatelefon der ein må bestilla time før prøvetaking.

– Det er viktig at alle som no trur at dei kan vera smitta, eller har forkjølelsesliknande symptom, nyttar høve til å testa seg.

Lurer du på symptom på covid -19 ? Sjekk her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/hvis_du_mistenker_at_du_er_syk_med_covid-19/

Koronatesting er gratis og prøvesvar får ein etter inntil 4 dagar.

Ein oppmodar koronatesting for:

- Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19

- Alle som kan ha blitt smitta med covid-19, anten som nærkontakt eller etter utanlandsreiser

Andre grupper kan testast etter vurdering av lege. Nokre gonger må ein ta testen ein gong til, men det er det legen som bestemmer.

Koronatelefonen nr. 908 60 166 er open måndag ( frå 17/8) til fredag klokka 08:00-10:00 og er betjent av ein sjukepleiar. Du vil få time same dag.
 

Slik går du fram:

  1. Ha klart personnummer og grunngjeving for kvifor du vil ta testen.
  2. Ring koronatelefonen og avtal time.
  3. Møt opp i teltet i bil presist til avtalt tid.
  4. Testen blir utført og merka med namn og personnummer. Denne blir så sendt til Haukeland.
  5. NB: Fram til prøvesvar føreligg må du halda deg heime i karantene, og fram til minst eitt døgn etter symptomfriheit - uavhengig av prøveresultat. Du kan venta prøvesvar innan 4-5 dagar på: https://helsenorge.no/  (logg deg inn)
  6. Viser koronatesten påvist resultat* får du telefon frå kommuneoverlegen. Får du ikkje telefon innan 4 dagar, kan du rekna deg for frisk og gå på arbeid/skule som vanleg dersom du er symptomfri.
  7. Har du alvorlege luftvegssymptom er du nøydd til å ringa den vanlege legetelefonen 116117 eller dersom akutt forverring ring 113 og hugs å sei frå om symptoma!

 

IKKJE møt opp på legekontoret der sårbare pasientgrupper kan opphalda seg dersom du har luftvegssymptom. Hugs at dersom du er smitta med covid-19 blir alle som oppheld seg på legekontoret samstundes som deg, (personalet og pasientar) sett i karantene!

 

*Påvist resultat betyr at ein har funne viruset hos deg.