Kulturprisen 2026 til Venelaget for Halsnøy Kloster

Kulturprisen for 2026 går til til Venelaget for Halsnøy Kloster. Det synlege provet på prisen, glasskulpturen "Dråpen", blir overlevert i eigen seanse seinare.

Kulturprisen 2026 til Venelaget for Halsnøy Kloster

Venelaget for Halsnøy Kloster har fått Kvinnherad kommune sin kulturpris for sitt mangeårige og omfattande frivillige arbeid med å ta vare på og utvikla Halsnøy kloster.

Dette vart klart då levekårsutvalet hadde utdeling av kulturprisen oppe som sak i møtet 3. november. I samband med tildelinga skriv utvalet i ei pressemelding:

«Prisen er ei anerkjenning av nær 40 år med imponerande frivillig innsats for å ta vare på, vidareutvikla og formidla historia kring ein av dei viktigaste kulturskattane i Kvinnherad kommune.

Sidan oppstarten i 1986 har Venelaget for Halsnøy Kloster vore ein sentral drivkraft i arbeidet med å ta vare på kulturarven i området rundt klosteret Gjennom eit imponerande tal dugnadstimar har laget restaurert og vedlikehalde bygningar og uteområde ved klosteranlegget, bidrege til formidling av historia og gjort kulturminna tilgjengelege for både lokalbefolkning og tilreisande.

Venelaget har òg vore sentrale i etableringa av kulturløypa rundt klosteret og deltek aktivt i arrangement som Klosterdagar. Venelaget har nyleg fullført restaurering av Haugastova frå 1868, som var den tredje folkeskulen i landet, stifta av adelsmennene Juel og Konow. Prosjektet vidarefører laget sitt mangeårige engasjement for vern og formidling av lokal historie.

Venelaget for Halsnøy Kloster er eit framifrå døme på kva frivillig innsats kan bety for eit lokalsamfunn og korleis kulturminne kan bergast gjennom lokalt engasjement.

Levekårsutvalet legg vekt på at venelaget sitt arbeid har vore med å styrkt identitet, tilhøyrsle og historia til Kvinnherad kommune. Kulturminne som langskipsnausta, gravrøysene i Skarvasteinen og tingstaden på Stølen, blir ståande som varige verdiar for som kjem både dagens og framtidige generasjonar til gode.

Gjennom kunnskap, engasjement og ei sterk dugnadsånd har laget gjort Halsnøy Kloster og områda rundt til ein levande møteplass for historie, kultur og naturopplevingar som mange lokale og tilreisande i dag får oppleva.

Kulturprisen 2026 er ei velfortent påskjøning til ei foreining som gjennom mange år har vist eit ekstraordinært engasjement for å ta vare på og synleggjera den felles kulturarven vår.

Med tildelinga ønskjer Kvinnherad kommune å rette ei stor takk til Venelaget for Halsnøy Kloster for den langvarige og verdifulle innsatsen dei har gjort å ta vare på og synleggjera den felles kulturarven vår.

Kvinnherad kommune gratulerer Venelaget for Halsnøy Kloster med Kulturprisen 2026!»

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay