30 år i same barnehagebygg blei feira i Omvikdalen 1. oktober i år.

30 år i same barnehagebygg blei feira i Omvikdalen 1. oktober i år.

Feira 30 år i barnehagebygget

I 30 år har Omvikdalen barnehage halde hus i barnehagebygget. 1. oktober vart det feira på grundig vis.

– Barnehagen hadde fellessamling med bursdagssong til barnehagen, etterfølgt av ulike stasjonsleikar. Barna fekk spela ringspel, kaste erteposar, minidiscotek, ballongleik og ansiktsmåling, fortel styrar Jeaneth Rangsæter Lyngnes.

Discotek i barnehagen.

Blant aktivitetane på 30-årsdagen var discotek.

Ei slik feiring vart ikkje fullkomen utan eit fullverdig måltid.

– Vi avslutta med nydeleg lasagne frå Gjøa og is frå iskiosken. Ei kjekk feiring med store og små i barnehagen, seier styraren.

Bordsete

Serviett og kniv og gaffel må til når ein feirar.

Det er ein god regel å feira det som feirast kan. 1. oktober gjorde Omvikdalen barnehage nettopp det, for då var det på dagen 30 år sidan dei tok i bruk i barnehagebygget.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay