Sendinga til kommune-tv er nede enn så lenge. Kommunestyret utset politisk behandling til sendinga er opp igjen.

Sendinga til kommune-tv er nede enn så lenge. Kommunestyret utset politisk behandling til sendinga er opp igjen.

Kommune-TV oppe igjen

Sendinga frå dagens kommunestyremøte er no oppe igjen.

Torsdag føremiddag var det tendensar til hektiske kinn i både politisk og administrativ leiing, då streaminga frå kommunestyremøtet ikkje fungerte som ho skulle. No gjer ho det.

Ynskjer du å følgja sendinga, så kan du gjera det her: Kommunestyret Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Aventia har åtvara om at det ein kan oppleva at sendinga er ustabil, då dei har laga seg ei nødløysing for å få sendinga på lufta.

 

Aventia, som er kommunen sin leverandør av kommune-tv og sakshandsaming i dei politiske møta, var nede over heile landet då kommunestyret 29. oktober skulle starta. Politisk behandling av saklista vart førebels sett på vent til systemet var oppe og gjekk igjen.

Ordførar Vegard Bjørnevik orienterte kommunestyret om situasjonen, og avgjorde at ein ikkje gjekk i gang med behandling av dei politiske sakene før sendinga var tilbake, slik at alle som ynskjer det kunne følgja med på kommunestyret.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay