Kommunen har ansvar for å leggja til rette for informasjon, dialog og samarbeid med pårørande, og for å involvera pårørande i arbeidet med kvalitetsutvikling og forbetring av tenestene. Difor inviterer ein no til pårørandemøte for institusjon og heimetenesta på Husnes og Halsnøy.
Institusjons- og heimetenesta Husnes og Halsnøy: Møte for pårørande
Pårørande er ein viktig ressurs og samarbeidspartnar for helse- og omsorgstenestene. I neste veke blir dei inviterte til ope møte på Husnes og Halsnøy.
Kommunen har ansvar for å leggja til rette for informasjon, dialog og samarbeid med pårørande, og for å involvera pårørande i arbeidet med kvalitetsutvikling og forbetring av tenestene.
I det daglege vert samarbeidet med pårørande ivareteke gjennom individuelle samtalar med pasient, pårørande og tilsette i institusjon og heimeteneste. I tillegg ønskjer vi å møta pårørande i eit felles forum der de kan dela erfaringar, synspunkt og innspel til korleis vi kan vidareutvikla tenestene våre.
Pårørande sit ofte på verdifull kunnskap om kva som fungerer godt, og kva vi kan bli betre på. Slike innspel er viktige i det systematiske arbeidet med kvalitetsforbetring og utvikling av helse- og omsorgstenestene.
På eit tidlegare møte vart det avtalt at det skulle arrangerast eit årleg møte for pårørande, og at de skal ha moglegheit for å senda inn saker som ein ønskjer blir tatt opp i møte. Vi følgjer no opp dette ved å invitera til ope allmøte for pårørande knytt til både Husnestunet, Halsnøytunet og heimetenesta.
Alle pårørande som er registrerte som kontaktpersonar er velkomne til å delta.
Send inn ønske for saker de vil ta opp til tove.omdal@kvinnherad.kommune.no evt. SMS til einingsleiar 90 94 48 65.
Tid: Tysdag 10.11. Kl.15.30-17.00
Stad: Møterom ved kantina på Husnestunet
Tid: Torsdag 12.11. Kl.15.30-17.00
Stad: Møterom ved kantina på Halsnøytunet
Det vert enkel servering.
Saker på møtet:
- Framtidas omsorgstenester – behov, kapasitet og forventningar?
- Informasjon om pårørandeutvalet, ynskjer pårørande å oppretta utval?
- Innmeldte saker
Med helsing
Espen Åkra Seberg, einingsleiar heimetenesta og Tove Omdal, einingsleiar institusjonstenesta
Sist oppdatert
