Ergoterapautane i Kvinnherad kommune: Frå venstre. Mette Aasen, Marthe Saghaug Lillesletten, Trude Lauvstad Røyrvik, Ingebjørg Anne Teigland og Tone Eitrheim. (ikkje på bilde: Ingebjørg Holmedal Eidsvik og Martine Woxen Krabbedal, for tida ute i mamma permisjon)

Ergoterapautane i Kvinnherad kommune er Mette Aasen (t.v), Marthe Saghaug Lillesletten, Trude Lauvstad Røyrvik, Ingebjørg Anne Teigland og Tone Eitrheim. (ikkje på bilde: Ingebjørg Holmedal Eidsvik og Martine Woxen Krabbedal, for tida ute i mamma permisjon)

Ergoterapiens dag

Ergoterapi i Kvinnherad handlar om tidleg, målretta ergoterapi kan redusera eller utsetja behovet for meir omfattande helse- og omsorgstenester.

Verdas ergoterapidag blir markert kvart år 27. oktober av ergoterapeutar over heile verda. I år ønskjer ergoterapeutane i Kvinnherad å retta søkjelyset mot den nye rapporten frå Agenda Kaupang som viser at tidleg, målretta ergoterapi kan redusera eller utsetja behovet for meir omfattande helse- og omsorgstenester, og at ergoterapi er ei viktig investering i berekraftige tenester for framtida.

Kva er viktig for deg?

For dei fleste av oss er svaret enkelt. Vi ønskjer å klara oss sjølva, vera aktive i kvardagen, delta i familieliv og fritidsaktivitetar, og bu trygt i eigen heim så lenge som mogleg.

Det er nettopp dette ergoterapi handlar om. Ergoterapi handlar om å hjelpa menneske i alle aldrar til å klare dei aktivitetane som gir kvardagen innhald og meining. Gjennom rettleiing, tilrettelegging, bustadtilpassing, hjelpemiddel og rehabilitering kan ergoterapeutar bidra til at fleire opplever meistring, sjølvstende og økt livskvalitet.

Bu heime lengst mogleg

Dei fleste ønskjer å bli buande i eigen bustad gjennom heile livet. Samtidig veit vi at mange bustader ikkje er bygde for dei utfordringane som kan kome med alder, sjukdom eller skade.

Difor er det viktig å tenkje framtid når ein byggjer nytt eller pussar opp. Ein trinnfri inngang, breie dører, godt lys, tilgjengeleg bad og soverom på same plan kan vera forskjellen mellom å kunne bu heime og å måtte flytta. Det som blir opplevd som små detaljar i dag, kan ha stor betydning om 10, 20 eller 30 år.

Tidleg innsats gir størst gevinst

Mange ventar til kvardagen har blitt vanskeleg før dei ber om hjelp. Erfaring viser at det ofte er for seint. Når utfordringar blir oppdaga tidleg, er det mogleg å setja inn enkle tiltak som kan oppretthalda funksjon, førebyggja fall, auke tryggleik og redusera behovet for hjelp seinare. Det kan vera alt frå råd om aktivitet og trening i kvardagen til tilrettelegging av bustad, velferdsteknologi eller hjelpemiddel.

Ergoterapi lønner seg

Den nye rapporten frå Agenda Kaupang viser at tidleg, målretta og førebyggjande ergoterapi gir gevinstar både for den enkelte og for samfunnet. Rapporten konkluderer med at ergoterapi er ei investering i berekraftige helse- og omsorgstenester, og at sjølv små investeringar kan gi store gevinstar over tid.

Rapporten peikar på at tidleg innsats kan redusere eller utsetje behovet for meir omfattande helse- og omsorgstenester seinare. Fleire kan meistra kvardagen sjølve, halda seg aktive lenger og bu heime i eigen bustad i fleire år.

Talet på eldre aukar, og me må derfor tenkja nytt og hjelpa fleire til å meistra kvardagen sin sjølve. Ergoterapi, rehabilitering og førebygging blir derfor stadig viktigare i framtidas helse- og omsorgstenester. Ved å investera tidleg kan vi bidra til betre livskvalitet for innbyggjarane og meir berekraftige tenester for fellesskapet.

Kva er viktig for deg?

På Ergoterapiens dag ønskjer vi å utfordra alle innbyggjarar til å tenkja over dette spørsmålet.

  • Korleis ønskjer du å leva når du blir eldre?
  • Er bustaden din klar for framtida?
  • Kva kan du gjera i dag for å ta vare på funksjon og sjølvstende?
  • Kva aktivitetar er så viktige for deg at du ønskjer å halda fram med dei heile livet?

Ergoterapi handlar om å finna løysingar som gjer dette mogleg.

På Ergoterapiens dag ønskjer vi å setja søkjelys på at ved å gjera små grep i dag, kan det gi deg fleire år med meistring, sjølvstende og tryggleik i eigen heim.


Kilder:
Agenda Kaupangs rapport - Ergoterapeutene

ergoterapeutene.org

Arendalsuka | Arrangement: Hvordan spare penger og personell i…

arendalsuka.no

Ergoterapi lønner seg – Agenda Kaupangs kost/nytte-analyser

ergoterapeutene.org

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay