To støtteordningar for kreftråka med søknadsfrist 10. november

Støtteordningane kan vera aktuelle for kreftråka familiar og unge med kreft i Vestland fylke.

Torill Duus' stiftelse

Torill Duus' stiftelse deler ut midlar til familiar i Vestland fylke med barn under 5 år, der mor eller far er alvorleg kreftsjuk.

Midlane skal brukast til trivselstiltak som skaper glede og gode opplevingar for familien. Det kan til dømes vera ei utflukt, ein aktivitet eller andre tiltak som gir familien eit avbrekk i ei krevjande tid.

Søknadsfrist: 10. november

Therese Heggs stiftelse

Therese Heggs stiftelse deler ut midlar til unge mellom 18 og 25 år med kreft som er under behandling i Helseregion Vest.

Midlane skal brukast til trivselstiltak som kan skapa glede og gje eit positivt avbrekk i ein kanskje tøff kvardag. Det kan for eksempel vera ei oppleving, aktivitet eller noko anna som bidrar til livskvalitet og meistring.

Søknadsfrist: 10. november

Meir om desse kan ein lesa om på kreftforeininga si side Lenke til et annet nettsted.

og i pdf-en om Torill Duus' stiftelse pdf, 543 kB, åpnes i nytt vindu.

og i pdf-en om Therese Heggs stiftelse pdf, 520 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay