Årets vaksinasjonstilbod kjem noko seinare enn vanleg på grunn av forseinka levering av vaksinar frå FHI.

Årets vaksinasjonstilbod kjem noko seinare enn vanleg på grunn av forseinka levering av vaksinar frå Folkehelseinstituttet (FHI). Kvinnherad kommune gjennomfører derfor dei felles vaksinasjonsdagane i veke 47, frå 16. til 19. november 2026.

Vaksinasjon mot influensa, korona og pneumokokksjukdom – hausten 2026

Kvinnherad kommune tilbyr vaksinasjon mot sesonginfluensa, korona og pneumokokksjukdom i november 2026.

Tilbodet er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet for vaksne og gjeld personar frå 65 år og yngre personar i definerte risikogrupper. Kva vaksinar du får tilbod om, er avhengig av alder og helsetilstand.

Kvifor kjem vaksinasjonstilbodet seinare i år?

Årets vaksinasjonstilbod kjem noko seinare enn vanleg på grunn av forseinka levering av vaksinar frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Kvinnherad kommune gjennomfører derfor dei felles vaksinasjonsdagane i veke 47, frå 16. til 19. november 2026.

Tid og stad for vaksinering

Husnes (Merk NY stad)

Stad: Kvinnherad Arena, 2. etasje

  • Måndag 16. november: Kl. 08.30–12.00 og 13.00–15.00
  • Tysdag 17. november: Kl. 08.30–12.00 og 13.00–15.00

Rosendal

Stad: Samfunnshuset i Rosendal

  • Onsdag 18. november: Kl. 08.30–12.00 og 13.00–15.00
  • Torsdag 19. november: Kl. 08.30–12.00 og 13.00–15.00

På vaksinasjonsdagane kan du få fleire vaksinar samtidig dersom du er i målgruppa for dei ulike vaksinane.

Vaksinane kan òg setjast hos fastlegen din frå veke 47

Kven blir tilrådd vaksinasjon?

Influensavaksine

Influensavaksine blir særleg tilrådd til alle frå 65 år, gravide, personar med kroniske sjukdomar eller andre risikofaktorar og bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.

Vaksinen blir òg tilrådd til helsepersonell med nær pasientkontakt og enkelte andre grupper.

Koronavaksine

Koronavaksine blir særleg tilrådd til personar frå 75 år, bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader og yngre personar med auka risiko for alvorleg sjukdom.

Personar mellom 65 og 74 år utan andre risikofaktorar kan òg få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet.

Pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse og andre alvorlege infeksjonar)

Pneumokokkvaksine blir tilrådd til eldre og personar med enkelte kroniske sjukdomar eller nedsett immunforsvar.

Personar fødde i 1961 får tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet i 2026. Tilbodet gjeld òg personar fødde i 1960 som ikkje nytta tilbodet i 2025.

Personar fødde før 1960 kan få pneumokokkvaksine til ordinær pris, 900 kr.

Er du usikker på om du bør vaksinere deg?

Les meir om målgrupper og tilrådingar på nettsidene til Folkehelseinstituttet:

https://www.fhi.no/va/voksenvaksinasjon/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kva kostar vaksinane?

Vaksinasjon av barn og unge

Barn og unge i risikogrupper kan ha behov for influensa- eller koronavaksine.

Ta kontakt med helsestasjonen eller din faste helsesjukepleiar for informasjon og avtale om vaksinering.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay