Vatnet har gravd på grunnen nedanfor stien ved Hattebergfossen.

Vatnet har gravd godt i grunnen nedanfor stien ved Hattebergfossen. (Foto: Karen Løvfall Våge)

Held stien forbi Hattebergfossen stengt inntil vidare

Etter ei synfaring torsdag er det konkludert med at populære turstien i landskapsvernområdet ved Hattebergfossen forblir stengt ei tid.

Dei store vassmengdene måndag førte til at grunnen nedanfor stien hadde rasa ut to plassar ved turstien forbi Hattebergsfossen. Det eine raset har tatt med seg deler av stien, medan den andre rasstaden startar berre få meter frå stien.

Torsdag var kommunegeologen på synfaring saman med blant anna kommunen, grunneigaren Baroniet Rosendal og Turgruppa til Rosendal Turnlag. Kommunegeologen slo blant anna fast at nedbøren jobbar på dette rasområdet kvar gong det regnar.

Slik føresetnadane er no med eit område inne i landskapsvernområdet, i bratt lende og med uvisse forhold, betyr det at ein må innom ulike instansar før ein får konkludert med kva tiltak som kan gjerast, og når dei kan bli gjort. Hovudkonklusjonen i første omgang er at grindene som stengjer stien i kvar ende blir ståande.

Ein kjem seg nær fossen frå begge sider av stien, men stien forblir stengt på den brattaste delen.

Video av øydeleggingane: Karen Løvfall Våge/Kvinnherad kommune

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay