
Vil du vera med på Functional Fitness i Kvinnherad Arena?
Gymseksjonen på KVV har starta eit nytt prosjekt for å betre helsa til elevane. Dei sett saman eit enkelt og effektivt treningsopplegg som elevane gjennomfører før kvar gymtime.
Gymseksjonen på KVV har starta eit nytt prosjekt for å betre helsa til elevane. Her har dei sett saman eit enkelt og effektivt treningsopplegg som elevane gjennomfører før kvar gymtime.
Dette er ei fullkropps treningsøkt der du kombinerer både styrke og kondisjon på berre 12 minutt. Økta kan repeterast så mange gonger du ynskjer eller så lenge du klarar.
Det beste av alt? Opplegget passar for alle! Øvingane og intensiteten kan enkelt tilpassast eigne føresetnader, slik at både nybyrjarar og dei som trenar mykje kan få ei god økt.
Me slår eit slag for folkehelsa og det gode initiativet frå gymseksjonen på KVV. I samarbeid med gymseksjonen har Kvinnherad Arena og Kvinnherad Frivilligsentral teke initiativ til å opna opp for Functional Fitness for innbyggjarane.
Kvinnherad kommune opnar no storstova i Kvinnherad Arena kvar måndag frå kl. 07.15 til 08.30. Kom når det passar deg innanfor dette tidsrommet, og start veka med litt ekstra energi og ei god kjensle!
Det er gode dusjmoglegheiter i arenaen, så her er det berre å utfordra seg sjølv, få opp pulsen og gi kroppen ein skikkeleg kickstart på dagen og veka.
Ta med ein kollega, ein ven eller kom aleine. Det viktigaste er å møta opp!
PS! Opplegget kan enkelt kopierast og brukast andre stader i kommunen. Lån biletet, utfordra naboen eller arbeidsplassen, og set i gang der du er. Saman kan me skapa meir rørsleglede og betre folkehelse i heile kommunen.
Functional Fitness i Kvinnherad Arena er eit samarbeid mellom gymseksjonen på KVV, Kvinnherad Arena og Kvinnherad Frivilligsentral. Målet er å leggja til rette for eit enkelt og inkluderande treningstilbod som kan bidra til betre folkehelse og meir rørsleglede i kommunen.
Sist oppdatert
