Oddvar Vignes kjem til Bondens Nettverk 12. oktober.

Oddvar Vignes kjem til Bondens Nettverk 12. oktober med føredraget "Ut og måka skit". (Foto: Jan Inge Haga)

Beredskap på garden – kven tar vare på bonden?

Bondens nettverk i Kvinnherad inviterer til både føredrag frå smått geniale Oddvar Vigenes, mat og korte innlegg. Les vidare viss du vil vita korleis du melder deg på!

Måndag 12. oktober frå kl. 20 til 22 er kommunestyresalen staden å vera for bøndene i Kvinnherad. Beredskapen på garden er gjennomgangstema, med korte innlegg frå avløysarlaget, brann og redning, landbrukskontoret og Norsk Landbruksrådgiving.

I den grad noko er viktigare enn noko anna denne kvelden, er nok føredraget til Oddvar Vignes «Ut og måka skit» for rosina i pølsa å rekna. Vignes balanserer mellom å vera hylande morosam og tåredryppande seriøs. Finnøy-bonden har bakgrunn frå avis og lagsliv, lita øy og storby. Han seier dette om sitt føredrag:

– Føredraget heiter «Ut å måka skit» og er eit humoristisk landbruksforedrag om det å veksa opp på gard, flykta frå både garden og øya, for så å gå på ein kjempesmell og måtta flytta heim og byggja opp livet att. Eg har tru på gode samtalar og at landbruket kan vera ein stad der ein tek tak i problema tidleg, så dei ikkje får så store konsekvensar. Ein bonde som har eit godt liv, har som regel dyr som har det same, meiner Vignes.

Arrangementet er gratis, men sidan det er mat treng ein at du melder deg på innan 8. oktober, til e-post: landbruk@kvinnherad.kommune.no.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay