
Stien forbi den bratte delen ved Hattebergfossen er no stengt grunna to ras. (Skjermdump: Nordkart)
Stengjer turvegen forbi Hattebergfossen grunna ras
Det har gått to ras i underkant av turvegen i bratta langs Hattebergfossen, og det er naudsynt å stenga turvegen for ferdsel.
Det er allereie sett opp grinder som stenger turvegen (sjå kartskissa for detaljar for kvar ein kan gå). Ein kan gå nedanfrå opp til fossen og ein kan gå frå Fossberg-sida og bort til fossen, men det er stengt i bratta på grunn av rasfare.
Det har kome store mengder nedbør dei siste døgera, og store elvar står som prov på det. Det er også sendt ut gult farevarsel for regn, flaum og jord- og flaumskred. I lys dette er det rådd til å ta forholdsreglar om ein har tenkt seg ut i bratt terreng.
Sist oppdatert
