
Søkjer besøksheim til ein kjekk gut på 3 år
Kunne du og familien din tenkje dykk å bety noko ekstra for ein liten gut?
Vi søkjer ein trygg og omsorgsfull besøksheim til ein glad og aktiv gut på 3 år. Han er ein nysgjerrig og sosial gut som likar det meste ein kan finna på. Akkurat no er fotball og sykling store favorittar, men han trivst også godt med å mala, teikna, pusla og vera ute på opplevingar i naturen.
Vi ønskjer å koma i kontakt med ein stabil og varm familie som har tid og hjarterom til å vera der for ein liten gut om lag éi helg i månaden. Det viktigaste er at de kan tilby tryggleik, omsorg, gode opplevingar og eit inkluderande familiefellesskap.
Å vera besøksheim kan gi mykje glede, både for barnet og familien som opnar heim og kvardag for nye relasjonar.
Dersom dette kan vera noko for dykk, eller de ønskjer meir informasjon, ta gjerne kontakt:
Anne Berit Sætre
Tiltakskonsulent
48 11 30 76
anne.berit.saetre@kvinnherad.kommune.no
Eit lite menneske treng ein trygg stad å høyre til. Kanskje er det hos dykk?
Sist oppdatert
