
Det noverande ungdomsrådet er på oppløpssida. No kan nye kandidatar meldast inn.
No skal det veljast ungdomsråd for 2026-2028
Har du lyst å jobba for busstilbod, fritidsaktivitetar eller anna som kan gjera Kvinnherad til ein betre stad for ungdom å leva?
Då treng ungdomsrådet deg. Ein må vera mellom 13 og 18 år for å melda seg inn. Ein kan stilla som kandidat frå ein skule, idrettslag eller anna organisasjon for ungdom. Organisasjonen må gi beskjed til ungdomsrådet på e-post kvinnherad.ungdomraad@kvinnherad.kommune.no innan 15.oktober.
Ungdomsrådet jobbar for ungdom sine rettar, mogelegheiter og interesser, og er eit politisk medverknadsorgan, men som er partipolitisk uavhengig.
– Du treng ikkje erfaring frå før, så lenge du er motivert for å jobba for ungdom, seier ungdomsrådsleiar Frøya S. Hatteberg.
Sist oppdatert
