
Vegard Bjørnevik (t.v.) gav Egil Eide velfortente blomar etter at sistnemnde fekk Vannvest sin heiderspris. (Foto: Kvinnherad kommune)
Fekk høgaste utmerking i Vannvest
Einingsleiar for Vatn og Avløp Egil Eide har i haust blitt heidra for arbeidet for drikkevatn av høg kvalitet.
– Stor stas, vedgår ein elles så smålåten vassentusiast.
Vannvest AS er eigd av 29 vestlandskommunar, og arrangerte nyleg sin haustkonferanse. Der nytta dei høve til å dela ut sin heiderspris. Det er noko dei slett ikkje gjer kvart einaste år, men i år hadde dei funne ein verdig kandidat i vår eigen Egil Eide.
Prisen vart delt ut til ein som har «Utmerka seg innan VA arbeid som beredskap, samarbeid, utvikling, samt mykje meir». Det er ikkje lite. I 13 år har Eide jobba med vatn i Kvinnherad kommune.
– Eg er veldig stolt og takksam, men eg må leggja til at dette er eit lagarbeid eg får prisen for. Me er ein god gjeng som jobbar godt for å få høgast mogeleg kvalitet på vatnet vårt. Og så er det jo stas at det blir lagt merke til, seier Eide.
Det er fleire som tykkjer heidersprisen var stas. Ordførar Vegard Bjørnevik meiner slik rettmessig merksemd er verd ein eigen blomebukett.
– Me har høg kvalitet på det drikkevatnet vårt, og Egil og gjengen gjer ein kjempejobb med å halda kvaliteten og standarden høg. Dette er me stolte av alle saman, og det er kjekt at det blir lagt merke til utover kommunegrensene også, seier ordføraren.
Sist oppdatert
