
Søkjer støttekontakt til to aktive brør (9 og 10 år)
Vi søkjer ein trygg, omsorgsfull og stabil vaksen mann eller kvinne som kan vere støttekontakt for to kjekke brør på 9 og 10 år.
Gutane er glade i å vere ute og har mange interesser, mellom anna:
- Fisking
- Gaming
- Sykling
- Natur og friluftsliv
- Fysisk aktivitet og leik
- Dyr
Dei ønskjer seg ein vaksen som har litt av dei same interessene, er positiv, tolmodig og har overskot til å finne på kjekke aktivitetar saman med dei. Målet er å skape gode opplevingar, tryggleik og ei stabil relasjon over tid.
Vi ser etter deg som:
- Er ein trygg og påliteleg vaksenperson
- Har interesse for barn og unge
- Likar å vere aktiv ute i naturen
- Kan vere ein god rollemodell
- Er stabil og kan byggje tillit over tid
Dette er ei meiningsfull oppgåve der du kan gjere ein viktig forskjell i kvardagen til to flotte gutar.
For meir informasjon eller dersom du er interessert, ta kontakt med.
Anne Berit Sætre tiltakskonsulent mobil 48 11 30 76
Sist oppdatert
