Par som dansar. (Foto: Pixabay.com)

Fram til 30. oktober kan privatpersonar søkja om støtte til å gjera eigen bustad meir aldersvennleg. (Foto: Pixabay.com)

Søk tilskot for aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Fram til 30. oktober kan privatpersonar søkja om pengar til å gjera eigen bustad meir aldersvennleg.

Målet er at fleire skal få høve til å bu trygt heime lenger. Trygghet for helsa Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kallar regjeringa tiltaket for.

Tilskotet er ei heilt ny satsing og inngår i regjeringa sitt Eldreløfte. Det er sett av 89 millionar kroner til ordninga i 2026, og søknadsportalen opna måndag 21. september. Frist for å søkja på ordninga i år er 30. oktober.

Husbanken skriv at du kan få dekka inntil 25 prosent av kostnadane til prosjektet. Oppgraderinga må koste minst 40.000 kroner. Det er inga øvre grense for totalkostnad, men du kan maksimalt få 75.000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot éin gong per bustad.

Om du eller nokon av dine vurderer å søkja, tilbyr Kvinnherad kommune hjelp og støtte om ein har spørsmål om korleis å nytte seg av ordninga. Me oppmodar difor til å kontakta vår Bustadrådgjevingsgruppe før søknad: https://www.kvinnherad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/bustadradgjeving Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Alt av relevant informasjon, rettleiing og sjølve søknadsskjema finn ein hos Husbanken https://husbanken.no/person/tilskudd-til-oppgradering-av-bolig/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay