
Det er sett ut ein robotgrasklyppar på kunstgrasbanen for å forstyrra måsekolonien som i årevis har vore ei plage på banen. (Foto: Kristian Helgesen/Kvinnherad kommune)
Håper å få bukt med måseplaga med robotklippar
På kunstgrasbanen i Rosendal er det sett ut – ja du les rett – ein robotklippar utan klippefunksjon.
Den kunstige grasmatta er heimsøkt av eit tresifra tal individ av måsearten. Såpass omfattande er koloniseringa på kunstgrasmatta at anleggseigar Kvinnherad kommune har sett seg nøydd til å vurdere konsekvensen av dette.
Avdeling miljøretta helsevern har difor fått spørsmålet frå anleggseigar om avføring frå måsen kan ha noko form for helserisiko for dei andre tobeinte brukarane av banen. Saman med kommunelegen har det blitt vurdert at det er naudsynt å gjere nokre tiltak i området. Tiltaka må vera i samsvar med lovverk om viltforvaltning, i og med at einskilde måsetypar er raudlista.
Å plassera ut eit forstyrrande element er eitt av fleire tiltak som søkjer å bøta på utfordringa. Per i dag har måsekolonien konsentrert seg om tilhald på midtbanen, og det er her etterlatenskapane er flest. Robotklipparen er utan knivar påmontert, og skal stå fram som eit ikkje-skadeleg vedvarande uromoment for måsen. I fotballterminologi snakkar vi her om ein særleg utfordrande indreløparposisjon, som må få jobbe i fred, og openbart er best utan ball. Primært skal klypparen gå på sein kveld og natt, då måsen som oftast legg seg til på kunstgrasmatta i denne tida.
Kvinnherad kommune takkar Kvinnherad bygg, som i samarbeid med Rosendal turnlag stiller med robotklipparen i dette forsøket.
Det vil ta tid å få bukt med måseetableringa på kunstgrasbanen, så det må gjerast fleire koordinerte tiltak over tid. Med dette håpar vi å redusera helserisikoen på idrettsanlegget.
Sist oppdatert
