
Inviterer til seniorfestar to stader
I samband med den internasjonale eldredagen inviterer Kvinnherad kommune og Frivilligsentralen til seniorfestar på Husnes og i Rosendal.
Frå 28. september til 2. oktober 2026 inviterer Senteret for eit aldersvennleg Norge til Eldreveka. I Kvinnherad blir det markert med to solide seniorfestar.
Måndag 28. september i Kulturhuset Husnes frå kl. 16-18 og
Onsdag 30. september i Rosendal Samfunnshus frå kl.16-18.
På programmet står helsing frå ordføraren, festmiddag og underhaldning, alt under leiing av konferansier Maria Malmsten.
Påmelding skjer til tlf. 40 40 92 90 mellom kl. 10 og 14 eller ved å bruka denne lenka Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Eigenandelen på festen er 300 kroner, og betaling ved inngang til festen, enten kontant eller på Vipps.
Sist oppdatert
