
Ordførar Vegard Bjørnevik bidrog i plastryddeaksjonen på Sild under Rein Hardangerfjord, saman med over 100 andre. (Foto: Privat)
Stor lokal innsats for Rein Hardangerfjord
Den årviss miljøaksjonen Rein Hardangerfjord samla både rikeleg med lokale krefter – og ditto mykje plast.
Frå Stord til Eidfjord var over 3000 strandryddarar i sving, og i Kvinnherad var både skuleelevar, vaksenopplæringa og ordføraren ute og tok tak.
Den mest spesielle ryddeaksjonen fann stad på Sild, den vesle øya mellom Varaldsøy og Maurangsnes. Der deltok ordførar Vegard Bjørnevik, og vart det rydda opp etter eit gamalt, havarert oppdrettsanlegg. I alt vart det samla 162 såkalla bigbags ,med kapasitet på 1000 liter i kvar, med isopor og plast.

Flotte elevar på FOV Vaksenopplæringa gjorde ein ditto flott innsats under «Rein Hardangerfjord». (Foto: Birte Endresen Charalambous)
Kvinnherad brann og redning deltok i aksjonen, og hadde fire skadestadleiarar ute som styrte og koordinerte med 11 teigleiarar. Sild-aksjonen vart koordinert frå Folgefonnsenteret.
– Me har hatt 110 aktive ryddarar på Sild – inkludert 59 soldatar frå Haakonsvern, og så er det mange andre i sving alle dei andre plassane, forklarte Are Blokhus frå Kvinnherad brann og redning, som var med på koordineringa.
Ryddinga føregjekk i stort monn på torsdag 17. og fredag 18. september. Det totale volumet som vart plukka opp er førebels ikkje summert opp.

Stig Hope (t.v.) og Are Blokhus i kommandosentralen i Folgefonnsenteret, der dei koordinerte ryddinga på Sild i frå.
Sist oppdatert
