
Det er sendt ut oransje farevarsel for jordskred for Vestland, frå laurdag formiddag til søndag kveld.(Skjermdum: Varsom.no)
Oransje farevarsel for flaum og jordskred frå laurdag
Det er meldt om store nedbørsmengder over heile Vestland denne helga, spesielt i indre strok. Det har utløyst oransje farevarsel for jordskred og flaum.
NVE melder om oransje farevarsel frå laurdag av, og ventar at faren kjem til å minka utover søndagen.
I følgje Meteorologisk Institutt er det kalde luftmassar på veg inn frå vest som har i seg mykje nedbør. Kvinnherad ligg i området som det er venta mest nedbør i, og ein må vera budd på at kanskje så mykje som opp til over 100 mm nedbør vil koma i delar av Kvinnherad.
Nedbørstoppen er venta å koma mellom kl. 14 laurdag og kl. 20 på søndag.
NVE region vest har difor sendt ut oransje skredvarsel for området Kvinnherad ligg i.
Det gjeld frå laurdag morgon, venta å gå over frå tidleg søndag. Dei har likt varsel på flaum i same tidsområde. Oransje varsel betyr at ein forventar skred, og at det vil bli behov for å stenga vegar grunna skred eller fare for skred.
Ein oppmodar om å vera aktsam om ein skal køyra i område der det er fare for ras.
For privatpersonar har Varsom.no desse oppmodingane Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
