Fylkesutvalet vedtok 24. august å leggja to planar ut på høyring.

Fylkesutvalet vedtok 24. august å legge Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse ut på høyring. Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vere med og påverke. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Vestland må ta nokre store val. No kan du påverka dei

I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra. No er planane på høyring, og du kan seia meininga di fram til 1. november.

Vestland fylkeskommune har for tida to regionale planar ute på høyring:

▪ Regional plan for verdiskaping og kompetanse

▪ Regional plan for areal og mobilitet

Planane har eit 12-årsperspektiv, og legg viktige rammer og føringar for kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar i fylket.

– No er vi komne til punktet der forslaga til dei to regionale planane ligg klare. Kvar skal me bu og byggja, korleis skal me binda fylket saman, og korleis sikrar me at folk har kompetansen arbeidslivet treng? Dette er val me må ta saman, og no vil eg at kommunar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar i heile Vestland seier kva dei meiner, før me set den endelege kursen, oppmodar fylkesordførar Jon Askeland på Vestland fylkeskommune sine sider.

I desse dagar går det ut ei rekkje høyringsbrev til mellom andre kommunar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, og innbyggjarar. Dei får no høvet til å seia si meining om dei to planforslaga før fylkestinget gjer endeleg vedtak, slik at flest mogleg får sagt sitt før dei store vala om framtidas Vestland vert tekne.

Fylkesutvalet vedtok 24. august å legge Regional plan for areal og mobilitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Regional plan for verdiskaping og kompetanse Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. ut på høyring. Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vera med og påverka. Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn.

Bak dei lange plannamna ligg spørsmål som får betydning for utviklinga i alle delar av fylket: bustader og næringsareal, vegar og transport, arbeidsplassar og utdanning, energi, natur og beredskap.

Og ikkje minst: Korleis skal Vestland utvikla seg når me blir færre i arbeidsfør alder og konkurransen om folk med rett kompetanse blir hardare?

Begge høyringane har frist 1. november.

Kort om planane:

Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi.

Informasjon om høyringa på Regional plan for verdiskaping og kompetanse: https://www.vestlandfylke.no/politikk/hoyringar/hoyring-regional-plan-for-verdiskaping-og-kompetanse/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring.

Informasjon om høyringa på Regional plan for areal og mobilitet: https://www.vestlandfylke.no/politikk/hoyringar/hoyring-regional-plan-for-areal-og-mobilitet/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay