Jakta er godt i gang, og kommunen vil minna om god praksis ved handtering av slakteavfall frå hjortevilt.. (Foto Atle Helland)
Handtering av slakteavfall frå hjortevilt
Jakta er godt i gang, og kommunen vil minna om god praksis ved handtering av slakteavfall frå hjortevilt.
For å ta vare på miljøet og unngå konfliktar med andre brukarinteresser, oppmodar kommunen til følgjande:
- Slakteavfall kan gravast ned eller leggjast ut i eigna område dersom det ikkje er påvist skrantesjuke (CWD) eller andre sjukdomar som krev særskilt handtering.
- Massedumping av slakteavfall er ikkje tillate.
- Avfallet skal ikkje plasserast nær drikkevasskjelder, brunnar, vatn, elvar eller bekkar.
- Det skal takast omsyn til bustader, friluftsområde, turstiar og andre område med allmenn ferdsel.
- Slakteavfall skal ikkje plasserast slik at det skaper vesentlege luktproblem eller er til sjenanse for naboar og andre brukarar av området.
- Ved mistanke om sjukdom hos viltet skal Mattilsynet kontaktast for råd om vidare handtering.
Lista er ikkje uttømmande. Det er den enkelte jeger -og vald ansvarlege som har ansvar for at slakteavfall vert handtert på ein måte som ikkje medfører forureining eller unødige ulemper for omgjevnadene.
Lukke til med jakta!
Sist oppdatert
