Fysioterapeutane i Kvinnherad kommune

Fysioterapeutane i Kvinnherad kommune: Knut Alvheim (bak t.v.), Gina Berge-Soldal, Cecilie Bjørke, Ingrid Helene Sele, Anne Kari Enes (framme t.v.), Anne Teigen Myklebust, Caroline Saghaug Holmedal. Renate Haugland Solheim var ikkje til stades då bilete bart teke.

Fysioterapi i Kvinnherad: Tidleg innsats gjer ein forskjell

Verdens fysioterapidag blir markert kvart år 8. september av fysioterapeutar over heile verda. I år ønskjer fysioterapeutane i Kvinnherad å retta søkjelyset mot førebygging, fysisk aktivitet og tidleg innsats.

Mange ventar med å søkja hjelp til plagene har blitt så store at dei påverkar kvardagen. Ofte kan enkle råd, rettleiing og tilpassa trening tidleg i forløpet redusere smerter, betre funksjonen og styrkje meistringa i kvardagen.

Fysioterapeutane i Kvinnherad arbeider med menneske i alle aldrar, frå barn til eldre. Målet er å hjelpa innbyggjarane med å hald seg aktive, meistra eiga helse og leva sjølvstendige liv så lenge som mogleg. For mange handlar dette om å kunne gå tur i nærmiljøet, vera aktiv med familie og vener, arbeida i hagen eller delta i lokalsamfunnet på den måten dei ønskjer.

Kunnskap og kompetanse

Regelmessig fysisk aktivitet er noko av det viktigaste vi kan gjera for helsa vår. Det treng ikkje vera omfattande trening for å gi effekt. Ein ekstra gåtur, litt styrketrening eller mindre tid i ro kan gi store helsegevinstar over tid.

Fysioterapeutar bidreg ikkje berre til behandling av sjukdom og skade. Vi arbeider òg for å styrkja helsekompetansen i befolkninga. Når folk får kunnskap om korleis kroppen fungerer, korleis fysisk aktivitet påverkar helsa og korleis plager kan førebyggjast, blir dei betre rusta til å ta vare på eiga helse og ta gode val i kvardagen.

Gina Hella Berge-Soldal, tillitsvalt for fysioterapeutane. (Foto: Privat)

– All aktivitet tel. Ved å vera i rørsle kan vi styrkja både helse, funksjon og livskvalitet, seier Gina Hella Berge-Soldal, tillitsvalt for fysioterapeutane. (Foto: Privat)

God helsekompetanse i vaksen alder byggjer på erfaringar og læring tidleg i livet. Gjennom kunnskap om kroppen, rørsle, fysisk aktivitet og meistring kan vi hjelpa barn og unge til å utvikla gode vanar som fremjar helse gjennom heile livet, understrekar fysioterapeut Cecilie Bjørke, som både underviser ungdom og driv gruppetilbod for ulike pasientgrupper.

– Fysioterapi handlar ikkje berre om behandling, men også om førebygging og meistring, seier fysioterapeut Gina Berge-Soldal.

Ho peikar på at små grep i dag kan gjere ein stor forskjell på sikt.

– All aktivitet tel. Ved å vera i rørsle kan vi styrkja både helse, funksjon og livskvalitet. Vi ønskjer at fleire tek kontakt tidleg. Gjennom rettleiing, kunnskap og tilpassa aktivitet kan vi bidra til betre meistring i kvardagen og leggja grunnlaget for fleire gode og aktive år, seier ho.

På fysioterapidagen ønskjer fysioterapeutane i Kvinnherad å minna om at fysioterapi handlar om meir enn behandling av skade og sjukdom. Det handlar også om å fremja helse, førebyggja funksjonstap og gi folk verktøy til å klara mest mogleg sjølve.

Bodskapen vår er enkel: – Ta vare på helsa før problema blir store. Små grep i dag kan gi betre funksjon, større meistring og fleire gode, aktive år i framtida.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay