
Lauren Egli overleverte i sommar «Med von om ei betre framtid: Utvandringa frå Uskedalen til Amerika 1849-1966» til borgermeister Mike Jensen. (Foto: Privat)
Venskapsbyen Story City fekk utvandringsboka
I sommar nytta Lauren Egli høvet til å kombinera hennar årlege tur til heimtraktene til i Iowa til å vitja venskapsbyen vår Story City. Med på turen hadde ho ei gåve til ordføraren.
I sommar nytta Lauren Egli høvet til å kombinera hennar årlege tur til heimtraktene til i Iowa til å vitja venskapsbyen vår Story City. Med på turen hadde ho ei gåve til ordføraren.

Dei norske røtene er veldig tydelege i Story City. (Foto: Lauren Egli)
– Under den årlege sommarturen min heim til Iowa for eit par veker sidan hadde eg gleda av å vitja vennskapsbyen vår, Story City. Føremålet med besøket var å overrekkje eit eksemplar av «Med von om ei betre framtid: Utvandringa frå Uskedalen til Amerika 1849–1966» personleg, og eg ønskte å skriva både for å dela litt om opplevinga og for å takka dei flotte menneska i Story City.
Eg vart teken imot på rådhuset av ordførar Mike Jensen og ei handfull andre representantar, fleire av dei deltok òg på det virtuelle møtet vårt i haust. Eg fortalde litt om innhaldet i boka og korleis ho er bygd opp, og dei var takksame for å få sitt eksemplar. Dei sa at dei ville setje den lokale innbyggjaren John Mehl i arbeid med å hjelpa til med omsetjing av boka. Kate Feil, som er direktør for musea i byen, planla å presentere boka på bystyremøtet dagen etter, fortel Lauren.

Stolte av røtene
Ho slår fast at det var lett å sjå kor stolte lokalsamfunnet er av dei sterke norske røtene sine.
– Dette kjem til uttrykk gjennom den fargerike veggmålinga i hovudgata, bunadene, flagga og fotoutstillingane innanfor hovuddørene på rådhuset, T-skjortene og gåvene som vert selde ved handelskammeret, namna på fleire lokale verksemder (Norsemen Realty Team, Norse Nest, KaffeGeita, Viking Hotel), dei årlege Scandinavian Days-arrangementa og, sist men ikkje minst, utstillingane og gjenstandane ved dei fem musea i byen (https://www.storycityhistory.org/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.).
Story City la ut eit Facebook-innlegg om besøket på deira side, som er råd å sjå her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Når nordmenn vitja USA sommaren 2026 var vikinghjelm endå meir obligatorisk enn nokon gong tidlegare. (Foto: Lauren Egli)
Sist oppdatert
