
Utleigar har ansvar for å dokumentera radonverdiane i utleigebustadar. (Foto: CKrisitansen/Wikipedia.no)
Minner om radonmåling
Alle som leiger ut bustad skal kunnea dokumentera at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene for radon.
I fjor haust vart det gjennomført ein tilsynskampanje med radon i utleigebustadar i Kvinnherad kommune. Dette var ein nasjonal tilsynskampanje i regi av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), men det er kommunane som gjennomfører tilsyna lokalt.
Vi minner igjen om at om utleigarar må måla radon
Alle som leiger ut bustad skal kunnea dokumentera at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene for radon. Dersom nivåa er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjera tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernsforskrifta og gjeld alle typar utleigebustadar, både offentlege og private.
Meir informasjon om regelverket finst her: https://dsa.no/radon/radon-i-utleieboliger. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Har du enno ikkje målt i utleigebustaden din?
Då kan du byrja å planleggje ei radonmåling til hausten. Radon skal målast i ein periode på minimum to månader i løpet av målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Leigetakar har krav på å få dokumentasjon på radonnivåa.
Du kan lesa meir om korleis ei radonmåling skal gjerast på nettsidene til DSA: https://dsa.no/radon/slik-maler-du-radon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kvifor er det viktig å måle radon?
Det å puste i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Risikoauken blir bestemt av kor lang tid ein blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er den vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking og medverkar årleg til rundt 400 lungekrefttilfelle i Noreg.
Kva er grensene for radon?
Dess lågare radonnivåa er, dess lågare er lungekreftrisikoen. Derfor bør radonnivåa alltid vera så låge som praktisk mogleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette betyr at dersom du måler radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, til dømes 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjera tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.
Meir informasjon om radon finn du her: https://dsa.no/radon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vidare oppfordrar vi til at alle uavhengig om dei har utleige eller ikkje til å gjennomføra radonmålingar i bustaden sin.
Sist oppdatert
