Frå og med førstkommande fredag vert kinotilbodet opna att. Det vil seia at det vert kino både fredag og søndag.
Snurrar filmane igjen
Frå og med førstkommande fredag vert kinotilbodet opna att. Det vil seia at det vert kino både fredag og søndag.
Biblioteket opprettheld vanleg opningstid, men gjennomfører ikkje bokbind-verkstad på laurdag.
– Me opplever at innbyggarane har sett pris på kondolanseprotokollen i biblioteket, og nytta den respektfullt, opplyser kultursjef Daidalos Dahle.
Kondolanseprotokollane, både i biblioteket og dei tre andre stadane i Kvinnherad, blir liggjande så lenge nasjonale føringar tilseier dei skal liggja. Alle innbyggjarar som ønskjer det, er velkomne til å skriva ei helsing til minne om Kong Harald V.
– Sørgeperioden er viktig, og dei fleste har sett kor djupt dødsfallet råka både ung og gammal. Likevel trur me no at det kan vera godt for innbyggarane å sjå at «normalen» kjem attende. Dei fleste kinoar i landet har halde ope heile perioden. Me valde ei meir forsiktig linje, og håpar på forståing for det, sluttar kultursjefen.
Kinoprogrammet finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
