Velkomen til nytt skuleår

Onsdag er aller første skuledag for 2020-årgangen i Kvinnherad. Velkomne skal de vera!
Onsdag 19. august er alle elevar og føresette velkomne til eit nytt skuleår i Kvinnheradskulen.
– Eit nytt skuleår gir nye moglegheiter, nye opplevingar og nye steg på vegen mot læring og utvikling. For mange elevar betyr skulestarten eit kjært gjensyn med vener, lærarar og kjende rutinar. For andre er dette første møtet med skulen, ein stor og viktig dag som markerer starten på ei ny og spanande tid, seier kommunalsjef i sektor oppvekst Heidi Solheim.
– Særleg ønskjer me nye førsteklassingar varmt velkomne. For dykk er dette ein stor dag, og mange kjenner kanskje både spenning og forventning, og kanskje litt sommarfuglar i magen. Me håpar de vil oppleva skulen som ein trygg stad der de får læra, leika, utforska og ha gode opplevingar, i fellesskap med andre.
Kvinnheradsskulen er rik på dyktige og engasjerte lærarar og andre tilsette som kvar dag arbeidar for at elevane skal oppleva både fagleg utvikling og sosial tryggleik. Når skule og heim samarbeider godt, gir me barn og unge dei beste føresetnadane for å lukkast, legg Solheim til.
Med ønskje om eit lærerikt, trygt og inspirerande skuleår 2026-2027! helsar Heidi Solheim.
Sist oppdatert
