Salmonella - Informasjon
Pr. 06.08. er det stadfesta 18 tilfelle av Salmonella som kan knytast til Kvinnherad.
Kommuneoverlege Glenn A Opland opplyser at det fram til no ikkje har lukkast å finna noko spesifikk smittekjelde. Det pågår eit kontinuerleg, omfattande arbeid med smittesporing, dette skjer i tett samarbeid mellom kommunen, Mattilsynet og Folkehelseinstituttet (FHI).
Blant dei 18 smittetilfella er det tilfelle både frå indre og ytre delar av kommunen, og desse kan ikkje knytast til ein bestemt spisestad. Kommuneoverlegen understrekar at det ikkje er grunnlag for å råda folk til å unngå bestemte matvarer eller verksemder, og at det difor er viktig at folk ikkje spekulerer i og peikar ut personar eller bestemte serveringsstader.
Dersom ein blir sjuk, oppmodar kommuneoverlegen om å ta kontakt med fastlege dersom sympoma varer ved og er meir alvorlege enn ved vanleg omgangssjuke.

Sist oppdatert
