Forbodet mot ferdsel mellom Bondhusbreen og Bondhusvatnet er no oppheva. Sperrebanda vil bli fjerna så raskt som råd, melder politiet.

Forbodet mot ferdsel mellom Bondhusbreen og Bondhusvatnet er no oppheva. Sperrebanda vil bli fjerna så raskt som råd, melder politiet.

Opphevar ferdselsforbod i Bondhus

Den bredemde sjøen ved Bondhusbreen har drenert naturleg og utgjer ikkje lenger noko flaumfare. Politiet har no oppheva ferdselsforbodet langs elva mellom breen og vatnet.

I samband med at den bredemde sjøen vart oppdaga tidlegare i sommar, vart det sett opp kamera for å overvaka utviklinga av det oppdemde vatnet. Rundt månadsskiftet hadde bresjøen tømt seg heilt, heldigvis utan at det frykta jøkullaupet hadde funne stad.

Etter over ei veke med observasjonar har det ikkje vore teikn til ny oppdemming, og det blir tilrådd å oppheva ferdselsforbodet som har vore mellom Bondhusbreen og elveutløpet i inste enden av Bondhusvatnet.

Kvinnherad politistasjon har no stadfesta dette, og sperringane som er sett opp blir fjerna ved første høve. Overvakinga held fram og dersom sjøen byggjer seg opp igjen kan det vera naudsynt å gjeninnføre ferdselsforbodet.

Meir informasjon om kvifor ferdselsforbodet vart innført i første omgang finn du i dei følgjande lenkene:

https://www.kvinnherad.kommune.no/artikler/aktuelt/2026-06-05-viktig-informasjon-om-naturfare-i-bondhusdalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

https://www.kvinnherad.kommune.no/artikler/aktuelt/2026-06-24-politiet-forbyr-opphald-mellom-bondhusbreen-og-bondhusvatnet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay