
Vatnet både i elva og fjorden i Uskedalen, blant anna stranda i Stølavika, er friskmeldte etter møkasilokollapsen i førre veke.
Uskedalselva friskmeldt etter møkautslepp
Prøvane frå Uskedalselva tatt 06.07.26 er klare, og viser at bakterieverdiane er innanfor det som blir vurdert som «utmerka».
Med vurdering etter vasskvalitetsparameter for badevatn ville alle prøvane fått «Utmerka» vasskvalitet. Uskedalen er ein dal med mykje landbruk, så litt førekomst av bakteriar i periodar med gjødselspreiing vil det alltid vera. Badevassportalen Åpnes i nytt vindu. er oppdatert med prøven frå Stølavika. Dei andre stadane er ikkje lagt inn i portalen.
Verdiane er:
- Elv – Nedstraums utslepp: E.coli: 52 - Intestinale Entrokokkar: 26
- Elv – v/ Hauglandskrysset: E.coli: 37 - Intestinale Entrokokkar: 38
- Sjø – v/Rabben Camping: E.coli: 22 - Intestinale Entrokokkar: 5
- Sjø – v/Stølavika: E.coli: 76 - Intestinale Entrokokkar:16
For referansen sin del tar me med oversikt over parameterar for badevasskvalitet og vurdering av resultat for saltvatn/brakkvatn (EU-direktivet): | |||
Parameter (SALTVANN eller BRAKKVANN) | Utmerka | God | Tilstrekkeleg |
Intestinale entrokokkar/100 ml | 100* | 200* | 185** |
E. coli/100 ml | 250* | 500* | 500** |
Ferskvatn har enno høgare grenser enn dette.
Sist oppdatert
