Opphevar kokevarsel

Kokevarselet for Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy er no oppheva.

Kokevarselet for Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy er no oppheva.

Reine prøvar syt for at ein no opphevar kokevarselet for kommunale abonnentar på Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy.

– Me har no motteke svar på dei siste vassprøvane frå punkt i heile forsyningsområdet. Alle prøvane er reine og kokevarselet vert oppheva for kommunale abonnentar på Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy, opplyser einingsleiar Egil Eide i Eining for vatn og avløp.

Det vart på fredag oppdaga ein kortvarig svikt i vassbehandlinga ved hovudvassverket på Husnes, som forsyner Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy med vatn. Det vart difor sendt ut kokevarsel til abonnentane som eit føre var-tiltak.

Rutinen tilseier at ein skal ha to reine prøvar på rad for å friskmelda vatnet, noko ein fekk stadfesta måndag formiddag.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay