
I etterkanten av lekkasjen frå ein kollapsa møkasilo i Uskedalen, er det tilrådd å ikkje bada eller fiska i elva. Måndag blir det tatt prøvar for å sjekka korleis vasskvaliteten er. (Foto: Kvinnherad brann og redning)
Tar vassprøvar i Uskedalen på måndag
Stoda på vatnet i Uskedalen blir nærare undersøkt over helga.
– Me må ha eit kunnskapsgrunnlag når me skal ta avgjerder i slike saker som dette. Måndag tar me prøvar av vatnet fleire stadar i elva og sjøen i Uskedalen. Når resultata av dei prøvane føreligg, kjem me til å melda ut desse til publikum, seier spesialkonsulent for miljøretta helsevern Synneve Skei om vasskvaliteten i Uskedalselva.
Sist oppdatert
