
Rein Hardangerfjord: inviterer til stor ryddeaksjon
Kvinnherad kommune inviterer skular, barnehagar, frivillige og alle innbyggjarar til å delta i den årlege ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord.
Aksjonen går føre seg torsdag 17. september 2026, eller ein dag i løpet av ryddeveka 11.–20. september som passar best lokalt.
Dette er femte året på rad aksjonen vert arrangert, med eit tydeleg mål: ein plastfri fjord. Plastforsøpling langs Hardangerfjorden er eit aukande problem som skadar naturen, dyrelivet og opplevinga av fjorden. Plast kan bli liggjande i naturen i fleire hundre år og brytast ned til mikroplast som kjem inn i næringskjeda.
– Hardangerfjorden er ein av dei viktigaste naturressursane våre. Ved å rydde saman kan vi ta vare på både naturen og framtidige generasjonar, heiter det frå arrangørane.
Slik kan du bidra
Alle kan vera med i ryddeaksjonen:
- Arranger eigen dugnad med skule, klasse eller barnehage
- Delta saman med vener eller familie i nærmiljøet
- Levera avfall i containerar sett ut av kommunen
Kvinnherad kommune stiller med sekkar, hanskar og containerar. Framtidshavet gir òg støtte på inntil 150 kroner per deltakar til mat eller andre tiltak.
Slik melder du deg på
Skular og barnehagar kan meld si interesse her:
https://www.framtidshavet.no/reinhardangerfjord Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
For spørsmål kan ein kontakta kommunen ved bente.nilsen@kvinnherad.kommune.no
Ryddeaksjonen er eit samarbeid mellom Stiftinga Framtidshavet, kommunane, næringslivet og frivillige organisasjonar rundt fjorden.
Bli med og gjera ein forskjell – saman kan vi skapa ein reinare Hardangerfjord.
Sist oppdatert
