Møkasilo har kollapsa – rår frå bading og fiske i Uskedalselva

Ein møkasilo øvst i Uskedalen kar kollapsa, og om lag 100 kubikkmeter møk har rent ut i elva.

– Av helsemessige grunnar bør ein ikkje bada korkje i elva eller i sjøen i Uskedalen inntil vidare, og ein bør ikkje fiska i elva heller, opplyser kommuneoverlege Glenn A. Opland i samband med silokollapsen.

Kvinnherad kommune er på veg til Uskedalen for å ta vassprøvar og gjera undersøkingar, og politiet er på veg til staden i same ærend.

– Me kjem med meir informasjon når me veit meir, seier Opland, som vart varsla om møkasilokollapsen av politiet.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay