Sperringane på plass ved Bondhusvatnet

Poltiet har no sett opp sperreband på stien i den inste delen av Bondhusvatnet. (Foto/kart: Politet)

Poltiet har no sett opp sperreband på stien i den inste delen av Bondhusvatnet. (Foto/kart: Politet)

Politiet har no sett opp sperreband innanfor Holgersneset, inst ved Bondhusvatnet. Opphald innanfor sperringane vart onsdag forbode av politiet.

Avgjerda til politiet Åpnes i nytt vindu. og sjølve bresjøen som ein er redd kan utløysa eit jøkullaup Åpnes i nytt vindu. er omtala på Kvinnherad kommune sine sider tidlegare. Det er på sin plass å merka seg at Bondhusdalen frå Sunndal og opp til Bondhusvatnet er open for besøkande som vil på tur. Den idyllen er det ingen restriksjonar på.

Det er elveosen inst i vatnet samt elveløpet oppover mot brekanten det er forbunde fare å opphalda seg i no.

Viss bresjøen fløymer nedover elveløpet mellom Bondhusbreen og Bondhusvatnet, er det ingen grunn til å uroa seg for konsekvensane nedanfor vatnet. Geolog Jostein Bakke anslår at vasstanden i Bondhusvatnet vil stiga med fem centimeter i så fall.

Kart over det aktuelle området, innfelt i større kart over Sunndal.

Kart over det aktuelle området, innfelt i større kart over Sunndal.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay