
Over 70 ferievikarar deltok fysisk og på teams då helse, omsorg og sosial gjennomførte opplæring av årets ferievikarar. (Foto: Tove Omdal)
Felles opplæring for ferievikarane
Sektor Omsorg, helse og sosial (OHS) hadde i førre veke felles opplæring for ferievikarar som skal jobba i einingane institusjon, bu og habilitering, heimetenesta og matforsyning.
– Me gjennomfører opplæringa med over 70 ferievikarar, der me hadde med oss rundt 40 av desse på teams. Det var flott ungdom som var saman med oss, og me er sikre på at dei vil gjera ein flott innsats no som våre fast tilsette startar ferieavvikling, fortel leiar for sjukeheimsinstitusjonane Tove Omdal.
Dei var innom tema i opplæringa som rettar og plikter som arbeidstakarar, kommunikasjon, etikk, dokumentasjon og hygiene.
– I tillegg var merkantil med og hjelpte til, slik at ferievikarane fekk tilgang til ulike system og appar som ein treng for å få oversikt over turnus og informasjon som blir sendt ut frå arbeidsgjevar, legg Omdal til.

Opplæringa tok for seg tema som rettar og plikter som arbeidstakarar, kommunikasjon, etikk, dokumentasjon og hygiene.
Sist oppdatert
