
Politiet forbyr opphald i området som er merka med raud strek på bildet.
Politiet forbyr opphald mellom Bondhusbreen og Bondhusvatnet
Politiet har sendt ut pressemelding i samband med bresjøen som ligg inntil Bondhusbrea.
Dette skriv politiet i samband med forbodet om opphald mellom breen og vatnet:
«I forbindelse med ein bresjø under Bondhusbreen er det vurdert som farleg å opphalda seg i eit område frå Bondhusbreen og langs elva ned til Bondhusvatnet og sandbanken nedst ved vatnet.
Politiet forbyr opphald i området som er merka med raud strek på vedlagt bilde.
Forbodet vert anset å innebere eit lite inngrep sett opp mot risikoen det inneber å ferdast i området.
Forbodet gjeld inntil 01.09.26, då det må takast ei ny vurdering av forbodet.
Stien inn til området vil bli merka i samarbeid med Nasjonalparkforvaltaren.»
Meir informasjon om bresjøen er å finna i denne artikkelen Åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
