No kan du registrere opplysningar om eigedomen din

Alle eigarar og festarar av bustad eller fritidsbustad i Noreg kan no sjølve registrere opplysningar i Eigedomsregisteret hos Kartverket.

Eigedomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigartilhøve.

Kvifor er dette viktig?

Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i Eigedomsregisteret som ein del av sitt arbeid. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdaterte.

No kan du som eigar eller festar gjere ein forskjell: Ved å oppdatere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikre at dei er korrekte. Det kan gi deg rettare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. Vidare får mellom anna naudetatar, planleggjarar og andre aktørar betre grunnlag for sine avgjerder. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.

Slik gjer du

Du kan registrere byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finne i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruke di eiga kjennskap til bustaden.

Eigenregistreringa er frivillig og føregår via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli bedt om å laste opp dokumentasjon.

  1. Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
  2. Logg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
  3. Registrer det du meiner er riktig
  4. Oppdater tidlegare registrerte opplysningar dersom noko endrar seg

Opplysningane du registrerer, vil ikkje overskrive det kommunen allereie har lagt inn. Dei blir viste parallelt med øvrige eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.

Kven kontaktar du ved spørsmål?

Dersom du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket her; https://www.kartverket.no/om-kartverket/kontakt-oss

Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedomen din, må du kontakte kommunen for å få dei retta.

Om du meina opplysningar er feil, kan du sende dokumentasjon og krav om retting til post@kvinnherad.kommune.no.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay