
Foreldregrupper - Tryggleikssirkelen (COS-P) hausten 2026
COS-P rettar seg mot foreldra si evne til å forstå barnet sine grunnleggjande behov for tryggleik, å høyre til og autonomi. Når barnet sine behov blir forstått vil barnet si kjensle av tryggleik og forståing av seg sjølv auke. Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.
Tilbakemelding frå foreldre som har delteke tidlegare;
«Dette anbefalar vi for alle»
«Dette er også for foreldre som ikkje kjenner eit stort behov for rettleiing»
«Samlingane gir ei større forståing for barnet sine behov og reaksjonar»
Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i alderen 10 månadar til 8 år.
Samlingane er for alle. Du treng ikkje oppleva at foreldrerolla er spesielt vanskeleg eller at barnet ditt har særskilde behov, for å delta. Samlingane føregår i grupper med omlag 8 omsorgspersonar over 8 samlingar med ei varigheit på ca. 1,5 time ein gong i veka. Samlingane er gratis.
Samlingar hausten 2026:
Me startar med to grupper på dagtid og ei på kveldstid.
Gruppe 1
Samlingane blir tysdagar kl. 16.30-18.00 og startar tysdag 1. september.
Kursdatoar: 01.09, 08.09, 15.09, 22.09, 29.09, 13.10, 20.10 og 27.10.26.
Kurshaldarar Anette Huse og Linda Saghaug
Gruppe 2
Samlingane blir onsdagar kl. 12.30-14.00 og startar onsdag 2. september.
Kursdatoar: 02.09, 09.09, 16.09, 23.09, 30.09, 14.10, 21.10, og 28.10.26
Kurshaldarar Ann Helen Lyngnes og Martha Gjevre Tjelle.
Gruppe 3
Samlingane vert torsdagar kl. 14.00-15.30 og startar torsdag 2. september.
Kursdatoar: 03.09, 10.09, 01.10, 08.10, 15.10, 29.10, 05.11 og 12.11.26
Kurshaldarar Ann Katrin Aksnes Haugland og Anita Røen.
Påmelding innan torsdag 27.august 2026 til
Linda Saghaug
Telefon: 90 36 83 61
E-post: linda.saghaug@kvinnherad.kommune.no
Vi har tidlegare erfart at det er kjekt om venegrupper melder seg på COS-P saman, eller dannar eiga gruppe som kan ta kontakt for å få COS-P samlingar.
Sist oppdatert
