Leiar for Nav Kvinnherad Maria Sadowska (nr. to frå høgre) kan gle seg over den andre topp 3-plasseringa på rappen for arbeidsmiljøet til Kvinnherad-kontoret.

Leiar for Nav Kvinnherad Maria Sadowska (nr. to frå høgre) kan gle seg over den andre topp 3-plasseringa på rappen for arbeidsmiljøet til Kvinnherad-kontoret.

For andre året på rad er Nav Kvinnherad blant topp 3 i landet

– Det er skikkeleg stas, seier leiar for Nav Kvinnherad Maria Sadowska etter at Nav-direktøren Hege Nilssen delte ut arbeidsmiljøprisen for 2025.

For andre året på rad er Nav Kvinnherad heilt i øvste sjiktet når det kjem til arbeidsmiljø, ein heider kontoret verkeleg skal ta til seg.

I samband med prisutdelinga blir juryen si vurdering av Nav Kvinnherad oppsummert slik:

  • Framstår som svært profesjonelt, heilskapleg og godt strukturert.
  • Sterk leiarforankring av HMS-arbeidet og tydelege system.
  • HMT-logg, ROS-analyser og jamlege øvingar blir trekt fram som særleg gode grep.
  • God balanse mellom læringsmiljø, inkludering, mangfald og tryggleik.
  • Positivt at eininga også deltar i regionale tryggleiksgrupper

– Ei gladnyhende før sommaren, smiler Maria Sadowska om pallplasseringa.

Om sjølve arbeidsmiljøprisen skriv Nav:

«Arbeidsmiljøprisen i Nav skal spegla at arbeidsmiljø handlar om organisering, planlegging og gjennomføring av arbeidet. Eit godt arbeidsmiljø gir gevinstar for tilsette si helse, motivasjon og engasjement, og bidrar positivt til resultat.

Arbeidsmiljøprisen løftar fram einingar, avdelingar, kontor, grupper eller team som gjer ein ekstra innsats for eit godt arbeidsmiljø.

Prisen går til dei som:
Jobbar systematisk og målretta for å skapa eit trygt arbeidsmiljø som fremjar meistring, helse og trivsel.
Bidrar til eit arbeidsmiljø som er lærande, inkluderande og mangfaldig
Etatens arbeidsmiljøutval (AMU) kan be om at spesielle forhold eller område skal vurderast ved dei årlege tildelingane.

For 2025 utmerker kandidaten seg ved å styrka tryggleik og beredskap for å skapa eit tryggare arbeidsmiljø i eininga eller i Nav, for eksempel gjennom risikovurderingar, opplæring, trening eller øvingar.»

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay